Hopp til innhold

Vil du jobbe helg på ein arbeidsplass med varme, vekst og fagleg utvikling?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Sted

Solstrandsvegen 39, 5200 Os

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helgestillingar på Luranetunet
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Luranetunet bu- og behandlingssenter søkjer engasjert helsepersonell til helgestillingar – dag, kveld eller natt. Her får du moglegheita til å bidra til utviklinga av framtidas eldreomsorg, saman med dyktige kollegaer i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø.

Kvifor velje Luranetunet?
  • Vi har ein unik tropehage på 1300 m² – eit varmt og levande samlingspunkt for bebuarar, pårørande og tilsette.
  • Du får jobbe tverrfagleg og bli kjent med alle avdelingar – noko som gir brei erfaring og fagleg utvikling.
  • Vi har fokus på kommunikasjon og miljøarbeid, og ser personen bak sjukdommen.
  • Du blir del av eit fellesskap som jobbar for utvikling og vekst i samspel – vår visjon.
Arbeidstid og stillingsstorleik
  • Arbeid på helg: fredag og/eller laurdag og søndag.
  • Turnusordningar: annakvar, tredje kvar eller kvar fjerde helg i langvakter.
  • Stillingar frå 11 % til 25 % – skriv gjerne i søknaden kva du ønskjer.
Kven ser vi etter?
  • Du har helsefagleg utdanning, eller er under utdanning.
  • Du har interesse for å jobbe med menneske og vurderer kanskje helsefagleg utdanning.
  • Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Politiattest må leggjast fram.

Om arbeidsstaden
Luranetunet ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar – inkludert tilrettelagte avdelingar for personar med demens. Vi er ein utdanningsinstitusjon med studentar, lærlingar og vi har eigne sjukeheimslegar.

Som helsepersonell må du vera førebudd på å arbeide utover eiga avdeling og bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.

Vi tilbyr
  • God opplæring og rettleiing
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Studentavlønning for relevant utdanning
  • Tillegg på årslønn for arbeid på natt
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fokus på heiltidskultur

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Søknadar blir vurdert fortløpande. Kun aktuelle kandidatar blir kontakta.

Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside: Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0bd5079a-85a0-4198-be8e-416b165ab1dc

Sist endret

15. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3571191_196063_nn

Lignende annonser