Hopp til innhold

Vil du vera med å halda hjula i gang ved eit av dei nasjonale fartøyvernsentra?

Arbeidsgiver

Hardanger Fartøyvernsenter

Sted

Sandvenvegen 58, 5600 Norheimsund

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Administrasjonskonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. november

Send søknad til

personal@hvm.museum.no
Vil du vera med å halda hjula i gang ved eit av dei nasjonale fartøyvernsentra?

Til stillinga søkjer me ein strukturert og serviceinnstilt administrasjonskonsulent som vil spela ei sentral rolle i den daglege drifta av verksemda. Stillinga er variert og omfattar oppgåver innan administrasjon, logistikk, innkjøp, HMS, kvalitetssystem, lærlingoppfølging og intern koordinering.

Som administrasjonskonsulent bidreg du til at fagmiljøa våre kan konsentrera seg om kjerneoppgåvene sine innan fartøyvern, handverksopplæring, kulturminneforvaltning og formidling. Du får ei viktig rolle i å sikra gode rutinar og velfungerande administrative system.

Arbeidsoppgåver
  • fakturering og administrativ oppfølging

  • drift av felles e-postkontoar og oppfølging av telefonkø

  • koordinering av møte og interne arrangement

  • innhenting av tilbod og gjennomføring av innkjøp

  • oppfølging av lagerhald, vareflyt, post og frakt

  • organisering av tenestereiser og overnattingar

  • oppfølging av kurs, sertifikat og kompetansedokumentasjon

  • administrativ oppfølging av lærlingar og lærekontraktar

  • administrasjon av volontørordningar og internasjonale utvekslingsprogram

  • adminstrasjon og oppfølging av kvalitets- og HMT-arbeidet

  • administrasjon av Miljøfyrtårn-sertifisering og tilhøyrande rapportering

  • administrasjon av nøklar, nøkkelkort og tilgangsstyring

  • oppdatering av administrative informasjonssider og interne kommunikasjonskanalar

  • koordinering av service, vedlikehald og lovpålagde kontrollar av maskiner og utstyr

Kvalifikasjonar
  • relevant utdanning innan administrasjon, kontor- og organisasjonsfag eller tilsvarande

  • relevant erfaring kan kompensera for formell utdanning

  • god digital kompetanse og erfaring med administrative IT-system som HMT-, kvalitets- eller internkontrollsystem

  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Det er ein fordel om du har
  • erfaring frå større verksemder eller organisasjonar

  • erfaring med innkjøp og logistikk

  • kjennskap til lærlingordningar

  • interesse for kulturvern, museum eller handverksfag

Personlege eigenskapar
  • strukturert og sjølvstendig med god gjennomføringsevne

  • serviceinnstilt og løysingsorientert

  • trivst med varierte arbeidsoppgåver, evnar å handtera fleire oppgåver samstundes og prioritera mellom dei

  • har gode samarbeidsevner

Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt

Me kan tilby

Ei variert og meiningsfull stilling ved eit av dei fremste fagmiljøa innan maritim kulturhistorie, fartøyvern og tradisjonshandverk i Noreg. Du får arbeida tett på både fagpersonar og leiarar i ei verksemd med stort samfunnsoppdrag og høgt aktivitetsnivå.

Hardanger fartøyvernsenter kan tilby gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.

Hardanger og Voss museum er tilknytta tariffavtalen "Landsoverenskomsten for museum og andre kulturinstitusjonar".

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakta avdelingsleiar ved HFS, Sjur Tarjei Fykse på telefon 97 66 56 55.

Send søknad med CV og referansar til personal@hvm.museum.no innan 29.11.2026.

Om bedriften

Hardanger fartøyvernsenter (HFS) er ei allsidig verksemd som driv museum, restaurering av verneverdige fartøy og bygg, vern og vidareføring av tradisjonshandverk, fagopplæring, maritim leirskule og reiseliv. HFS er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter. Senteret er ein avdeling i Hardanger og Voss museum med kring 45 tilsette i Norheimsund.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0b8b74bd-631b-4c99-ba36-f9c44cf9aec6

Sist endret

6. november 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

0b8b74bd-631b-4c99-ba36-f9c44cf9aec6

Lignende annonser

Laster lignende annonser