Bestmann på S/J Mathilde – Hardanger Fartøyvernsenter
Hardanger Fartøyvernsenter
Sandvenvegen 58, 5600 Norheimsund
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Bestmann
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid og kveld, alle dager
Søk på jobben
Søk senest mandag 7. desember
Send søknad til
Mathilde er ei 140 år gammal, 73 fot lang hardangerjakt som har vore i drift sidan 1989 etter ei omfattande restaurering. Me seglar frå mars til oktober med leirskule, utleigetokter og andre oppdrag. I vinterhalvåret jobbar mannskapet med vedlikehald av fartøyet. Ombord har me eit fast mannskap på tre: skipper, bestmann og kokekyndig. I tillegg har me i periodar ein ekstra matros eller leirskulelærar.
Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver:-
Næraste støtte til skipper: Fungere som nestkommanderande på S/J Mathilde.
-
Rigging og segl: Spesielt ansvar for vedlikehald, ettersyn og stelling av rigg og segl.
-
Kunnskapsformidling: Vareta og vidareføre tradisjonell sjømannskunnskap, segling og maritimt handverk til gjester og grupper i alle aldersgrupper.
-
Skutedrift: Bidra til dagleg drift og vedlikehald av eit historisk seglfartøy innanfor ei kulturhistorisk ramme.
I enkelte tilfelle kan arbeidsgjevar, etter nærare avtale, dekke kostnader til nødvendige kurs.
Vi søkjer deg som:-
Brenn for tradisjonssegling, for oss vil det si at du har eit stort hjarte for historiske seglskuter, tradisjonelt sjømannskap og kulturhistorisk formidling.
-
Har fagkunnskap og erfaring med segling og vedlikehald av seglfartøy.
-
Er sjølvstendig og løysingsorientert, at du kan arbeide strukturert, tek initiativ og finn gode løysingar i kvardagen.
-
Likar folk og formidling, har ei glød for å skape gode opplevingar og trivst med å lære vekk maritim kunnskap.
-
Er ein god lagspelar og har gode samarbeidsevner, eit godt humør og bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
-
Forstår norsk godt, og snakkar norsk eller annet skandinavisk språk.
-
Identifiserer deg med verdiane våre: Truverdig, raus og engasjert.
Ein unik stilling på ei unik seglskute.
Eit variert og meiningsfull arbeid ved eit av dei fremste fagmiljøa innan maritim kulturhistorie, fartøyvern og tradisjonshandverk i Noreg. Du får arbeida tett på både fagpersonar og leiarar i ei verksemd med stort samfunnsoppdrag og høgt aktivitetsnivå.
Hardanger og Voss museum kan tilby gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
Hardanger og Voss museum er tilknytt tariffavtalen "Landsoverenskomsten for museum og andre kulturinstitusjonar".
Søknadsfrist: 7. desember
Spørsmål kan rettast til fartøyansvarleg Tone Geirsdatter Solvang tlf. 41448240, epost tone.solvang@hvm.museum.no eller einingsleiar Olav Hanto tlf. 91724072, e-post olav.hanto@hvm.museum.no
Om bedriften
S/J Mathilde eiges og drivast av Hardanger Fartøyvernsenter, ei avdeling under Hardanger og Voss museum.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7b32f3f0-4780-4e1d-8013-301ef715368f
- Sist endret
16. november 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
7b32f3f0-4780-4e1d-8013-301ef715368f