Vil du vere med å forme framtida for barn og unge i Sogn og Fjordane?
KFUK-KFUM NORGE
Åsavegen 130, 6823 Sandane
Om jobben
Stillingstittel
Programkoordinator
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 22. mai
Brenn du for å skape gode aktivitetar for born og unge? Har du erfaring frå arbeid med opne og trygge møteplassar? Likar du å lage arrangement for born og unge og jobbe saman med frivillige? Då er dette ei mogelegheit for deg!
Arbeidsstad kan vere på Sandane, i Førde eller Stryn. Du vert del av eit større team i Område Vest-Sør, og samarbeidar tett med lokal krins og hovudforeining.
Du får ansvar for å planleggje og gjennomføre aktivitetar og arrangement som konfirmantfestivalar, leirar og treff, og for å utvikle nye tilbod – til dømes fritidstilbod på kveldstid. Arbeidet skjer i tett samarbeid med frivillige og lokale samarbeidspartnarar.
Arbeidsoppgåver:
- Bidra til godt rekrutterings- og informasjonsarbeid mot målgruppa, kommunar, kyrkja, skulen og andre relevante partar.
- Rekruttere og følgje opp frivillige.
- Delta aktivt i samarbeidsprosjekt med offentlege, ideelle, private og trusbaserte aktørar på borne- og ungdomsfeltet.
- Sjølvstendig leiing av prosjekt med budsjett- og resultatansvar i samråd med næraste leiar.
- Du vil også vere med å utvikle teamet strategisk, og sikre god intern samhandling og forutsigbarheit i arbeidet vårt.
Kompetansekrav - kvalifikasjonar
- Relevant bachelor- eller mastergrad og/eller dokumentert erfaring frå arbeid med born og unge.
- Kompetanse og erfaring frå arbeid med medverknadsprosessar.
- Erfaring og målgruppeforståing frå arbeid med born og unge.
- Erfaring frå frivillig arbeid og leiing av frivillige er ein føremon.
- Engasjement og kjennskap til borne- og ungdomskultur. Særleg kjennskap til borne- og ungdomsmiljøet i Nordfjord og Sunnfjord er ein føremon.
- Gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Førarkort klasse B. Disponering av eigen bil er ein føremon.
Kompetansekrav - personlege eigenskapar
- Inkluderande, løysningsorientert, ansvarsfull og strukturert.
- Evne og kapasitet til å møte og kommunisere med born og unge på ein god måte.
- Leie aktivitet sjølvstendig og/eller i samarbeid med andre tilsette eller samarbeidspartnarar.
- God forståing for ulike perspektiv og god til å arbeide metodisk og strukturert.
- Lagspelar som er oppteken av å gjere andre gode.
- Sterk verdiforankring og personleg integritet.
Vi tilbyr:
- Eit meiningsfullt arbeid i ein organisasjon med sterke verdiar.
- Ein variert arbeidskvardag i eit engasjert fellesskap.
- Mogelegheit til å forme og utvikle nye prosjekt.
- Løn i høve til tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Fleksibel arbeidstid og utviklingsmogelegheiter:
- Det må reknast med noko kvelds- og helgearbeid, og noko reiseverksemd. I gjennomsnitt kveldsarbeid 2 dagar i veka.
Personleg dugleik vil verte tillagt vekt. Gyldig politiattest må leggjast fram. Søkjarar må identifisere seg med KFUK-KFUM Noreg sitt føremål, kristne profil og verdiar.
Vi vil vurdere søknadar og kalle inn aktuelle kandidatar til intervju løpande. Det kan derfor vere ein føremon å sende inn søknad og CV snarast mogeleg.
Ved spørsmål er du velkomen til å ta kontakt med områdeleiar Kristin Edvardsen Engeberg. Vi gler oss til å høyre frå deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted