Hopp til innhold

Vil du jobbe med intern brukarstøtte for tilsette i Nav?

Arbeidsgiver

Nav økonomiteneste

Sted

Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger

Om jobben

Stillingstittel
Vil du jobbe med intern brukarstøtte for Nav-tilsette?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Vil du jobbe tett på kollegaer i Nav og bidra til at dei får god støtte i kvardagen? Nav økonomiteneste søkjer no inntil to nye kollegaer til seksjon Fagstøtte, der du blir del av eit sterkt og engasjert miljø som leverer intern brukarstøtte i Nav innan økonomi og administrasjon. Vi produserer også webinar og informasjons- og opplæringsmateriell, som bidreg til god kompetanse og internkontroll.

Nav økonomiteneste er ein landsdekkande, intern tenesteleverandør for Nav. Vi leverer økonomitenester innan lønn, tid, reise, faktura, betaling og rekneskap, og støttar om lag 22 000 Nav‑tilsette i arbeidet deira. Vi jobbar kvar dag for å sikre effektive og brukarvennlege løysingar som bidreg til at Nav kan løyse sitt viktige samfunnsoppdrag.


Arbeidsoppgaver

Kjerneoppgåvene i stillinga er knytt til intern brukarstøtte, informasjon og opplæring. Dette inneber mellom anna:

  • Rettleie og støtte Nav‑tilsette via telefon og digitale kanalar
  • Handtere førespurnader knytt til lønn, tid, reise, bestilling, faktura samt administrative system knytt til anskaffelser og eigedom
  • Planlegge og gjennomføre interne opplæringstiltak og informasjonsaktivitetar
  • Utarbeide, vidareutvikle og publisere innhald i interne kanalar som SharePoint, Teams og Viva Engage
  • Bidra til å vidareutvikle vårt arbeid med brukarstøtte, informasjon og opplæring
  • Samarbeide med fagmiljø for å sikre kvalitet i rettleiing og informasjon

Arbeidsoppgåvene kan variere over tid og tilpassast både din kompetanse og behova våre.

Kvalifikasjoner

  • Relevant høgare utdanning
  • Erfaring med rettleiing, kundeservice eller brukarstøtte
  • Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • God digital forståing og erfaring med bruk av ulike kommunikasjonskanalar og system

Det er ønskjeleg at du har:

  • Erfaring frå offentleg sektor
  • Kunnskap om lov- og avtaleverk innan økonomi og HR
  • Kjennskap til lønns‑, rekneskaps‑ eller økonomiprosessar

Personlige egenskaper

Vi ser etter deg som:

  • Er serviceinnstilt, likar å hjelpe og trivst med brukarstøtteoppgåver
  • Ser brukarane sine behov og jobbar målretta for å betre brukaropplevinga
  • Jobbar strukturert, prioriterer godt og handterer fleire oppgåver samstundesSamarbeider godt med andre, samstundes som du jobbar sjølvstendig og tek ansvar
  • Har interesse for og likar å utforske ny teknologi
  • Er positiv, initiativrik og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Motivasjon for stillinga og personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver.
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • Fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida og familievenleg personalpolitikk.
  • Lønn som rådgjevar i lønnsspenn 615 000 - 700 000 kroner brutto per år.
  • Pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.
  • Arbeidsstad Leikanger, med hybrid arbeidsplass og moglegheit for heimekontor inntil to dagar i veka.
Kven er vi?

Nav økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle Nav sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 716 mrd. kroner i årlege ytingar og rettleiing for Nav sine 22 000 tilsette. Nav økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i Nav.

Vi er 100 tilsette fordelt på sju seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke. 

Kontaktinformasjon

Andrea Tveit Paulsen, Seksjonsleiar Fagstøtte, 97981548, andrea.tveit.paulsen@nav.no

Arbeidssted

Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5129626366
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Andrea Tveit Paulsen

Seksjonsleiar Fagstøtte

97981548

andrea.tveit.paulsen@nav.no

Om bedriften

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0b350a00-e18d-4dca-a923-9ea3d0eb1c94

Sist endret

18. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f7fe1272ce73457a8c7bdd2eaec0b559

Lignende annonser

Laster lignende annonser