Reinhaldar/Assistent
Kysthospitalet i Hagevik (KiH), Helse Bergen HF
Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik
Om jobben
- Stillingstittel
- Reinhaldar/Assistent
- Oppstart
- 3. august 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 17. april
Kysthospitalet i Hagevik (KiH) er ein del av Ortopedisk klinikk, og har status som spesialsjukehus innan elektiv ortopedisk kirurgi. Det vert årleg utført ca. 2000 operasjonar innan dei kirurgiske fagfelta protesekirurgi i hofter, kne og skulder, ryggkirurgi og artroskopisk kirurgi.
Avdelingane våre for reinhald og vaskeri står for alt reinhald på sjukehuset. Oppgåvene blir utført i team, og etter standarden INSTA800.
Arbeidstid er kvardagar mellom 06:30 og 19:00, og med arbeid pt. kvar 6 laurdag (07:30 - 15:00).
Vi søkjer etter reinhaldar/assistent i 60% fast stilling frå 01.08.2026.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald ved sjukehuset
- Dagleg sluttvask av operasjonsavdelinga (ettermiddagsvakt)
- Mottak og sortering av skittentøy
- Igangsetting og tømming av vaskemaskinar og tørketromlar
- Klargjering av reint tøy
- Det må påreknast ein del tunge løft
- Diverse oppgåver som naturleg tilhøyrer reinhaldsavdelinga
- Ved behov må det i periodar påreknast oppgåver også ved andre driftsavdelingar, t.d. på kjøkken.
Kvalifikasjonar
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg, er ein føresetnad
- Ønskjeleg med erfaring frå reinhald i sjukehus
- Ønskjeleg med erfaring frå vaskeridrift
- Det er ein fordel med erfaring frå tungt og travelt arbeid
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Engasjert
- Bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Atle Olsen, Einingsleiar, 91130893Sigrid Kristin Kvalvaag, Seksjonsleiar, 56565901
Arbeidsstad
Hagaviksbakken 255217 Hagavik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5101917337
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 17.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Sigrid Kristin Kvalvaag
Seksjonsleiar
56565901
Atle Olsen
Einingsleiar
91130893
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0b293c58-0181-48e6-897f-0678405f31c5
- Sist endret
27. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d08dce86349241ffa5b846e1b003cd58