Hopp til innhold

Bli med i vårt positive fagmiljø! Vi søker autorisert fysioterapeut for barn og unge!

Arbeidsgiver

Austevoll kommune

Sted

Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø

Om jobben

Stillingstittel
Vikariat fysioterapeut
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 3. mai

Om arbeidsstaden

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Ergoterapi og fysioterapitenesta har sju tilsette, som arbeider med førebygging, behandling og trening for born, vaksne og eldre. Tenesta hjelper og til med tilrettelegging og tilpassing av hjelpemidlar. Tilbudet rettar seg mot personar som treng hjelp til å ivareta eller forbetre funksjonsevna si.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Fysioterapeuten vil arbeide inn mot barn og unge i alderen 0-16 år i samarbeid med ergoterapeut i tenesta, og det vil også være arbeidsoppgåver inn mot vaksne og eldre. Fokusområda blir førebyggande arbeid, rehabilitering, habilitering og tilrettelegging. Fysioterapeuten vil i stor grad arbeide på barna sin arena i barnehage, skule, på helsestasjon, i heimen, i basseng og ved Helsehuset. Aktuelle arbeidsoppgåver vil vera kartlegging, oppfølging, screening og testing av barn og unge. Andre arbeidsoppgåver er tilrettelegging på barn sine ulike arena og trening i basseng. I fysioterapeutstillinga blir tverrfagleg samhandling, arbeid med individuell plan og koordinator viktige arbeidsoppgåver, og det å kunne veilede og formidle kunnskap til føresette, andre yrkesgrupper og samarbeidspartnarar.

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav:
  • Autorisert fysioterapeut
  • Erfaring og kompetanse innan barn og unge er ein fordel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Systemforståelse og ferdigheiter innanfor data- og fagprogrammer
  • Den som blir tilsett må levere tuberkuloseattest og politiattest iht. forskrift
  • Førarkort for personbil
  • Det er krav om gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar:
  • Evne til å motivere og bygge gode relasjonar
  • Søkar må vere personleg eigna til stillinga
  • Fagleg engasjert og likar å arbeide med mennesker
  • Evne til god samhandling og til å jobbe tverrfaglig og i team
  • Ansvarsbevisst og løysningsorientert
  • Strukturert, fleksibel og sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar og varierte arbeidsdagar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt tverrfaglig samarbeid
  • Helsehus med fine lokaler
  • Bil i teneste
  • Mogleg å pendle

Slik søker du på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Om bedriften

Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.

Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.

Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.

Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.

Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0b1412f6-f231-40f7-83a6-0911ac701a04

Sist endret

20. april 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

459975382

Lignende annonser

Laster lignende annonser