Hopp til innhold

Ung jobb!

Arbeidsgiver

Austevoll kommune

Sted

Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø

Om jobben

Stillingstittel
Ung jobb i Austevoll kommune
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Antall stillinger
10
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 15. mai

Om stillinga

Sommarjobb for ungdom som fyller 16 år i løpet av året og fram til fylte 18 år. 

Austevoll kommune søker engasjerte og omsorgsfulle ungdomar til hovudsakleg arbeid innan helsetenester og familieaktivitetar. 

Dette er ein fin moglegheit til å få arbeidserfaring, lære meir om helse- og omsorgsyrket, bidra til gode opplevingar for bebuarane og skape ferieminner for familiar. 

Vi vil prioritere ungdom som ikkje har jobba hos oss tidlegare!

Når du søker sommarjobb må du opprette profil på Jobbnorge. Der må du aktivt følge med, då vi sender informasjon og tilbud direkte dit.


Kvalifikasjonskrav

  • Ungdom som fyller 16 år i løpet av året og fram til fylte 18 år
  • Du er positiv, ansvarsfull og likar å vere saman med menneske
  • Du har gode samarbeidsevner og viser respekt og omsorg
  • Du må ha bustadsadresse i Austevoll kommune
  • Du må kunne jobbe 2 veker samanhengande i sommar

Vi tilbyr

  • Ein lærerik og meiningsfull sommarjobb
  • Trygg oppfølging og rettleiing frå tilsette 
  • Erfaring frå helse- og omsorgssektoren
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Lønn og vilkår i samsvar med lover og avtaler

Spørsmål om stillinga

Ring om du har spørsmål om stilling.

Send oss ein søknad der du fortel litt om deg sjølv og kvifor du ønsker sommarjobb hos oss. Du må opplyse om kva to samanhengande veker du kan jobba hos oss i sommar.


Kontaktperson for stillingen

Margrethe Utkilen

Frivilligkoordinator

+4799203637

margrethe.utkilen@austevoll.kommune.no

Om bedriften

Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.

Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
 
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.

Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 

Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

74e4730b-69f9-461c-bc43-2011ef75fb01

Sist endret

20. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10292019

Lignende annonser

Laster lignende annonser