Hopp til innhold

Koordinator drift og vedlikehald

Arbeidsgiver

Sognekraft

Sted

Steigavegen 129, 6856 Sogndal

Om jobben

Stillingstittel
Koordinator drift og vedlikehald
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 7. oktober

Du treng ikkje vere ingeniør eller fagekspert for å passe inn hjå oss. Det som skil deg ut, er evna til å skape struktur, halde oversikt og få folk til å dra i same retning. Er du strukturert, god på å byggje relasjonar og motivert av å sikre framdrift -- då bør du lese vidare.

Om jobben

Som drifts- og vedlikehaldskoordinator får du ansvar for den daglege ressursallokeringa på tvers av 23 kraftverk fordelt i heile Sogn og Fjordane. Kvart anlegg har ein vedlikehaldsansvarleg som planlegg og utarbeider arbeidsordrar -- di oppgåve er å sikre at desse ordrane blir bemanna og gjennomførte til rett tid. I tillegg har du oversikt over reservedelslageret, følgjer opp rapportering og myndigheitskrav, og er sentral i å halde rutinar og dokumentasjon på plass.

Ein typisk arbeidsdag kan innebere alt frå å koordinere kven som skal ut til eit anlegg dei neste dagane, følgje opp at varer er bestilt inn og på plass før jobben byrjar, sjå til at jobben blir gjennomført og dokumentert eller ta ein telefon for å løyse ei praktisk utfordring. Dagane er varierte, og du vil raskt bli kjent med folk i heile organisasjonen.

Kvifor velje oss?

Me er 15 gode kollegaer i vedlikehaldsgruppa og me legg vekt på godt samarbeid og ein trygg arbeidskvardag. Sidan kraftverka ligg spreidde i heile Sogn og Fjordane, må du like å vere strukturert og ha ordenssans. Geografien kan utfordre oss, men me finn gode løysingar saman og det gir spennande og varierte arbeidsoppgåver.

Er du klar for å bli med på laget?

Rolla krev tett dialog med mange ulike folk i organisasjonen, så du er god på å byggje relasjonar og trivst i sosial kontakt med kollegar og samarbeidspartnarar. Me ser for oss ein person som er påliteleg, strukturert og har høg gjennomføringsevne. Du blir motivert av å skape orden og framdrift på tvers av fagfelt, og du likar å stille dei enkle spørsmåla som sikrar at ingenting blir tatt for gitt. Ei aktiv haldning til HMS er viktig for oss.

Du har:
  • Interesse for struktur, planlegging og koordinering -- gjerne med erfaring frå administrativt arbeid

  • Generell teknisk forståing -- stillinga krev ikkje djup fagspesialisering

  • God digital forståing og kjennskap til system for dokumentasjon og rapportering

  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, munnleg og skriftleg, samt basiskunnskapar i engelsk

  • Førarkort klasse B

Er du nysgjerrig eller lurer på om du er kvalifisert? Me set pris på at du tek kontakt for ein uforpliktande og konfidensiell prat med leiar for vedlikehaldsgruppa Bjarte Haugen på tlf. 413 24 789.

Praktisk informasjon

Sidan bransjen er underlagt kraftberedskapsforskrifta, vil aktuelle kandidatar gjennom ein bakgrunnssjekk før tilsetjing. Du vil få nærare informasjon om dette dersom du er aktuell.

Om bedriften

Vil du vere i ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og torer å satse? Då er Sognekraft verksemda for deg.

I Sognekraft-konsernet er vi nærare 160 energiske medarbeidarar -- og vi vil bli fleire og gjerne fleire kvinnelege kollegaer!

På fritida likar vi å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Vi kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord.

Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Vi skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der vi tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Vi skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0ae3296d-614f-4aec-b6f8-8b8deacced1d

Sist endret

15. september 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

476046223

Lignende annonser

Laster lignende annonser