Fornybar energi, nettverk og Sogn på sitt beste -- bli med på Camp Sognekraft!
Sognekraft
Dalavegen 25, 6856 Sogndal, 6856 Sogndal
Om jobben
- Stillingstittel
- Summer internships - Camp Sognekraft
- Type ansettelse
- Sesong, heltid 100%
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 27. oktober
Er du student og på jakt etter ein sommarjobb som gir deg både fagleg utvikling og unike opplevingar? Har du lyst til å bidra til framtidas løysingar innan fornybar energi -- og samtidig oppdaga alt det fantastiske Sogn har å by på? Då er Camp Sognekraftplassen for deg!
Kven ser vi etter?Me ser etter fire engasjerte studentar med ulik fagleg bakgrunn. Du må like å kaste deg ut i nye utfordringar, ta initiativ og trivast med varierte oppgåver. I søknaden din vil me gjerne lese kvifor nettopp du bør bli vald til dette prosjektet.
Når: 21. juni -- 30. juli 2027 (veke 25-30)
Stad: Sogndal. Me stiller med bustad og bil til disposisjon
Søknadsfrist: 26. oktober 2026
Kva er Camp Sognekraft?Camp Sognekraft gjev studentar eit ekte innblikk i arbeidslivet i eit moderne energikonsern. Dette er ikkje ein vanleg sommarjobb -- her får fire studentar ta del i reelle prosjekt og utfordringar innan fornybar energi. Oppgåvene vert tilpassa bakgrunnen deira, og resultata gir oss verdifull innsikt i møte med framtidas krav til energi, teknologi, IT og berekraft.
Gjennom opphaldet får du tett rettleiing frå erfarne fagfolk, og du får sjå kraftverk og nettanlegg på nært hald. Kombinasjonen av praksis og prosjektarbeid gir deg både innsikt og erfaring som kan bli gull verdt vidare i studia -- og i karrieren.
Fritid og sosiale aktivitetarSogn er som skapt for å utforskast! Du får bustad midt i Sogndal sentrum. På fritida kan de nytte bilen til å utforske det vakre landskapet i Sogn, med fjell og fjordar like i nærleiken. Jotunheimen ligg berre ein god time unna. I tillegg sørger me for me bustad i Sogndal sentrum, og det vert lagt til rette for kjekke sosiale aktivitetar gjennom heile sommaren.
Gjennom Sognacamp blir du kjent med andre sommarstudentar i Sogn, eit unikt konsept lansert i 2024 der lokalt næringsliv i Sogn har gått saman for å tilby ei spektakulær ramme på fritida for sommarjobbstudentar, med sosiale aktivitetar, utfluktar og kjekke begivenheitar. Dei organiserer aktivitetar, der vekedagane byr på enkle og lågterskel tilbod, medan helgane er sett av til større opplevingar. Du får sjansen til å bli kjend med andre unge sommervikarer, bygge nettverk og oppleve alt det Sogn har å by på.
Verdas beste sommarjobbar finn du i Sogn - søk Camp Sognekraft 2027!Ta kontakt med HR-sjef Gro Fjærestad på tlf. 97 03 81 17 eller gro@sognekraft.no om det er noko du lurer på.
Om bedriften
Vil du vere i ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og torer å satse? Då er Sognekraft verksemda for deg.
I Sognekraft-konsernet er vi nærare 160 energiske medarbeidarar -- og vi vil bli fleire og gjerne fleire kvinnelege kollegaer!
På fritida likar vi å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Vi kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord.
Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Vi skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der vi tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Vi skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
940bbffd-92e8-4760-929d-2309d45405c3
- Sist endret
29. september 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
477200707