Styrer i Gol barnehage – Breidokk barnehage
Gol kommune Gol barnehage
Gamlevegen 4, 3550 Gol
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Gol barnehage søker ein engasjert, trygg og fagleg sterk styrer i 100 % fast stilling frå 1. august 2026 ved Breidokk barnehage.
Breidokk er ein del av Gol barnehage si felles organisering saman med Vesterhuset og Herad barnehage, samt ny barnehage frå januar 2027. Vi er ein utviklingsorientert organisasjon med høgt fagleg fokus, og deltek blant anna i regionale utviklingsprosjekt og Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.
Som del av Gol kommune arbeider vi etter verdiane fellesskap, inkludering, tillit og openheit for å gjere ting på nye måtar. Desse verdiane ligg til grunn for alt utviklingsarbeid i barnehagane våre – og som styrar vil du vere ein sentral bidragsytar til å vidareutvikle ein barnehagekultur prega av psykologisk tryggleik, profesjonsfagleg samarbeid og læring i fellesskap.
Styrar er den øvste leiaren til barnehagen og har det overordna ansvaret for den pedagogiske utviklinga og kvaliteten i barnehagen. Rolla inneber ansvar for personalleiing, arbeidsmiljø og kompetanseutvikling, og dessutan administrativ drift og HMS. Styrar skal sikre eit tett og godt samarbeid med foreldre, tilsette og andre tenester, og sørge for at barnehagens arbeid følger gjeldande lover, forskrifter, vedtekter og kommunale føringar.
Som styrar i Breidokk barnehage vil du vere ein viktig del av leiargruppa i Gol barnehage, og jobbe tett med dei andre styrarane og assisterande styrarane. Samarbeidet i leiargruppa står sterkt hos oss, og vi legg stor vekt på deling, fagleg utvikling og felles retning for alle barnehagane i Gol.
Når du tiltrer i august 2026, vil du få ei sentral rolle i å vidareutvikle Breidokk barnehage både fagleg og organisatorisk. Du vil bidra til å vidareføre og styrke ein trygg og inkluderande barnehagekultur, samtidig som du leier profesjonsfaglege læringsprosessar som løfter kvaliteten i det daglege arbeidet. Ein viktig del av rolla er å sikre god involvering av tilsette, barn og foreldre, og du vil også ha ei aktiv rolle i samspelet og samarbeidet på tvers av barnehagane i Gol. Stillinga passar for deg som ønskjer å vere ein tydeleg og varm leiar med evne til å skape retning, bygge sterke profesjonsfellesskap og sikre høg kvalitet i barnehagetilbodet.
I GOL KOMMUNE FORVENTAR VI AT VÅRE LEIARAR:- Viser sårbarheit og mot, og er opne for tilbakemeldingar
- Lytter aktivt og bygger relasjonar prega av varme og tilgjengelegheit
- Skaper psykologisk tryggleik, der feil blir sett på som læring
- Legg til rette for samskaping og involvering
- Er tydelege på forventningar, retning og rolleavklaringar
- Bidreg til ein organisasjonskultur der alle kjenner seg sett, høyrt og verdsett
- Godkjent barnehagelærerutdanning / relevant pedagogisk utdanning
- Leiarutdanning og leiarerfaring er ein fordel
- Gode digitale ferdigheiter
- Svært gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg
- Har ei trygg og tydeleg leiarstil med evne til å skape tillit
- Har eit varmt barnesyn og set barns beste først
- Er profesjonell, reflektert og fagleg sterk
- Bygger gode relasjonar og eit raust, inkluderande arbeidsmiljø
- Er tydeleg, modig og stødig i leiarrolla
- Kan motivere, engasjere og skape utvikling saman med andre
- Har god oversikt og evne til å strukturere, planlegge og koordinere
- Er fleksibel, løysingsorientert og god på samarbeid
- Vil vere ein pådrivar i pedagogisk utviklings¬arbeid
- handterer både roleg drift og oppstartsfasar med mange nye element
- tar ansvar for å samarbeide med organisasjonane i regelmessige medråderettsmøter.
- Ei unik moglegheit til å vidareutvikle og sette ditt preg på ei etablert og fagleg sterk barnehage.
- Eit godt leiarteam og eit profesjonelt læringsfellesskap
- Engasjerte og kompetente kollegaer
- Gode moglegheiter for leiarutvikling
- Tilsetjingsvilkår i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk
- Lønn etter kvalifikasjonar og erfaring
- Menn blir oppfordra til å søke
- Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
- Politiattest må leggjast fram før tiltreding
- Søkar må leggje fram godkjende kopiar av vitnemål og attestar ved intervju
Søknad:
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju.
Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden..
Søknadsfrist: 12.04.2026
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0a415816-78af-4033-8d34-09937928d6e2
- Sist endret
26. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3611329_194601_nn