Hopp til innhold

Rettleiar – arbeidsretta oppfølging av ungdom

Arbeidsgiver

Gol kommune NAV Hallingdal

Sted

Gamlevegen 4, 3550 Gol

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 13. mai

100 % mellombels stilling

Varigheit: 1 år frå oppstartsdato

NAV Hallingdal har om lag 35 tilsette og yter tenester til innbyggjarane i dei seks kommunane i Hallingdal.
Vi har no ledig stilling i ungdomsteamet vårt, som følgjer opp alle arbeidssøkjarar under 30 år busette i Hallingdal. Ungdomsteamet består av fire rettleiarar. NAV Hallingdal har òg eit IPS Ung-team med fem stillingar, som samarbeider tett med ungdomsteamet.
Som rettleiar for ungdom vil du jobbe tett saman med ungdommane sjølve, samt relevante interne og eksterne samarbeidspartnarar. Ein viktig del av stillinga er å bidra til at unge menneske kjem i arbeid eller utdanning, ved å finne moglegheiter og skape håp, meistring og inkludering.
Vi løyser oppgåvene våre i tett samarbeid med innbyggjarar som treng tenester, arbeidsgivarar, ulike tenesteleverandørar og samarbeidspartnarar.

 

Arbeidsoppgåver
  • Kartleggje ressursane til den unge og samarbeide om å finne moglegheiter i arbeidsmarknaden
  • Oppfølging og rettleiing av ungdom som treng hjelp for å kome i arbeid eller utdanning
  • Byggje og vidareutvikle relasjonar med arbeidsgivarar for å få fleire i arbeid
  • Samarbeide tett med ulike offentlege og private instansar
  • Saksbehandling etter folketrygdlova, lov om arbeids- og velferdsforvaltninga, tiltaksforskrifta og anna relevant regelverk
  • Informere om og vurdere vilkår for aktuelle ytingar og arbeidsretta tiltak
  • Bidra aktivt i utviklinga av NAV sine tenester

Sidan NAV er i kontinuerleg utvikling, kan andre arbeidsoppgåver bli aktuelle.

 

Kvalifikasjonar
  • Minimum treårig relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Lang og relevant arbeidserfaring kan i særlege tilfelle kompensere for utdanningskravet
  • Gode rettleiingsevner, inkludert evne til å la brukarane ta hovudansvar for eigne meistrings- og endringsprosessar
  • Erfaring med samarbeid med andre instansar og/eller arbeidsgivarar
  • God digital kompetanse og kjennskap til Office 365
  • Norsk er arbeidsspråket i NAV Hallingdal. Du må kunne snakke, lese og skrive norsk godt nok til å samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene sjølvstendig
  • Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med ungdom

 

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer at du:

  • Er god på relasjonsbygging og på å sjå ressursane hjå andre
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har stort pågangsmot og er positiv og uthaldande
  • Er fleksibel og god til å sjå nye moglegheiter
  • Arbeider målretta og systematisk
  • Er strukturert og trivst i ein til tider hektisk arbeidskvardag
  • Er løysingsorientert og trivst i ei utadretta rolle med mykje kontakt med brukarar, samarbeidspartnarar og arbeidsgivarar
  • Jobbar godt både sjølvstendig og i lag med andre
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Personleg eignad vil bli tillagd stor vekt.

 

Vi tilbyr
  • Kjekke og engasjerte kollegaer med høg kompetanse
  • Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Tverrfagleg arbeidsmiljø og nettverk med gode utviklingsmoglegheiter
  • Fleksibel arbeidstid
  • Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP

 

Anna

Vi følgjer opp brukarar i heile Hallingdal. Du må derfor ha førarkort klasse B.

 

Søknad

Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
Trykk på den grøne knappen øvst til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar på førehand).
Godkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med dersom du blir kalla inn til intervju. Ansiennitet blir berekna på grunnlag av desse.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken, føresett at rett e-postadresse er oppgitt i søknaden.

Søknadsfrist: 13.05.2026

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Bjørn Skjelseth

+47 92679444

bjorn.skjelseth@nav.no

Om bedriften

Gol er den største kommunen i Hallingdal med ca. 4.700 innbyggere. Vi satser på utdanning, innovasjon og forskning. Vi er enige om at: «det er samarbeid som former framtida». Vi kan by på svært gode muligheter for en aktiv fritid, både innen friluftsliv og kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol har et koselig og innbydende sentrum, som er et knutepunkt i regionen. Vi er Hallingdals handelssentrum med mange og varierte butikker. Gol ligger midt mellom øst og vest med kort vei både til Oslo og Bergen. Det er Bergensbanen som skaper god forbindelse mellom oss og Norges to største byer. Kommunen er inkluderende og familievennlig. Vi har både ny grunnskole og ny flerbrukshall, god barnehagedekning og et variert skoletilbud i videregående skole.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a75d8257-e0fc-425b-bcb2-3ba57c7c3b6f

Sist endret

29. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3622875_209555_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser