Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
FYSIKALSK MEDISIN OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. august
Vi har ledig eit 100 % svangerskapsvikariat som sjukepleiar/spesialsjukepleiar ved Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering i perioden 14.09.2026 til 04.07.2027. Stillinga går i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Ein må også rekne med noko arbeid på natt.
Sengeposten er ein del av Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering, som i tillegg til sengepost driv ambulante tenester og poliklinikk. Vi tilbyr spesialisert rehabilitering til pasientar frå heile fylket. Pasientane som får tilbod om spesialisert rehabilitering hos oss, er personar med komplekse fysiske og/eller kognitive funksjonsnedsetjingar som følgje av skade eller sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraume eller amputasjonar.
Hos oss får du vere med og spele ei viktig rolle i rehabiliteringa til pasienten over tid. Du blir ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø med fokus på kompetansebygging og god oppfølging av pasientane. Vi arbeider i tverrfaglege team for å finne dei beste løysingane i lag. Kvar pasient har eit tverrfagleg team rundt seg, som kan bestå av opptil ni ulike profesjonar.
Vi søkjer deg som har interesse for å arbeide i tverrfaglege team, og som ønskjer å vere med på å byggje eit fagleg sterkt miljø rundt desse pasientgruppene. Vi ser for oss at du trivst med ein aktiv arbeidskvardag, er strukturert og god til å planleggje. Du er fleksibel og har ei positiv innstilling. Den samla samansetjinga i det tverrfaglege teamet er viktig, og vi legg derfor stor vekt på personlege eigenskapar.
Det kan også bli ledig andre stillingsbrøkar og vikariat.
Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere sjukepleiartiltak i forhold til pasientar
- Samarbeid med tverrfagleg team om oppgåver og behandling rundt pasientane
- Bidra i fagutvikling / forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Krav om meistring av norsk skrftleg og munnleg særs godt
- Du har erfaring og kompetanse frå sengepostarbeid, gjerne fra rehabiliteringsfeltet
- Gjerne vidareutdanning innan relevant fagfelt, feks rehabilitering eller psykiatri
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid er positivt
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er fleksibel, løysningsorientert og sjølvstendig
- Du er endringsvillig og har evne til å motivere dine kollegaer
- Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
- Du arbeider systematisk, og har gode arbeidsrutiner
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Rabattavtaler på treningssenter og sportskjeder
- Deltaking i seksjonen si eiga løpe- og/eller innebandygruppe
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Synnøve Opsahl Melseth, Seksjonsleiar, 70105741, synnove.opsahl.melseth@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5165101157
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 28.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
09016149-8525-475f-838c-3943ff84db22
- Sist endret
20. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
992ff1a9dbb1482eb4ba3978f1d6c36b