Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Nyfødt intensiv Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Oppstart
- 1. november 2026
- Stillingstittel
- Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 3
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. oktober
Seksjon for nyfødd intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus er ein spennande arbeidsplass med 13 pasientplassar. Fire av plassane er til høgintensiv behandling, medan seks er til intermediær behandling. I tillegg har vi familierom og tilbod om heimesjukehus.
Vi dekkjer nyføddtilbodet i heile Møre og Romsdal og behandlar premature born frå svangerskapsveke 26, i tillegg til alle andre sjuke nyfødde born.
Seksjonen har eit godt arbeidsmiljø med dyktige, engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar. Vi har eit tett og godt tverrfagleg samarbeid, både internt i avdelinga og på tvers av klinikken.
Ved nytilsetjing får du eit grundig opplæringsprogram over seks veker. Interne omrokkeringar kan òg føre til at det blir ledige stillingar i seksjonen.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Arbeidsoppgåver
- Varierte sjukepleiprosedyrer og oppgåver relatert til premature og sjuke nyfødde born
- Legemiddelhandtering
- Bruk av medisinskteknisk utstyr
- Familiebasert omsorg
- Rettleiing
- Tverrfagleg samarbeid
- Kontinuerleg forbetringsarbeid
- Arbeid med kvalitet- og pasientsikkerheit
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er ønskjeleg med vidareutdanning i nyfødtsjukepleie, barnesjukepleie eller intensivsjukepleie
- Gode samarbeidsevner og et sterkt pasientfokus
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg sterk og set pasienten i fokus
- Du er engasjert og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du tek initiativ, er fleksibel og strukturert
- Du er positiv, har godt humør og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre
Vi tilbyr
- Ein spennande og givande arbeidsplass
- Ei god opplæring og gode kollegaer
- Eit solid fagmiljø som bidreg til di faglege utvikling
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Ann-Iren Vartdal, Seksjonsleiar, Ann-Iren.Vartdal@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5172561498
Stillingsprosent: 80, 65, 100%
Vikariat
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 02.01.2028
Søknadsfrist: 18.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5a561b46-7685-44e5-9a51-0128520e98f5
- Sist endret
5. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
887e24059f3a4bb4939ed7d93691f229