Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Sengepost barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Oppstart
2. november 2026
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
3

Søk på jobben

Søk senest søndag 25. oktober

Sengepost for barn og ungdom har pasientar frå 0 – 18 år innan alle fagfelt, både barnemedisin, kirurgi, ortopedi, ØNH, gynekologi m.fl.

Sengeposten har 18 sengeplassar, to luftsmitteisolat og ei rehabiliteringseining. Vi er og ei mottaksavdeling med mottak av barnemedisinske pasientar på post.

Som sjukepleiar hos oss blir du ein del av eit positivt og fagleg engasjert arbeidsmiljø.

Ved interne omrokkeringer kan andre stillinger bli ledig.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleieoppgåver til akutt og kronisk sjuke barn og ungdom 0-18 år
  • Pre- og postoperativ sjukepleie til barn 
  • Opplæring og undervisning av barn og pårørande 
  • Sjukepleieadministrative oppgåver 
  • Legemiddelhandtering 
  • Rettleiing av studentar og kollega 
  • Kontinuerleg forbetringsarbeid 
  • Sjukepleieprosedyrer 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar 
  • Erfaring frå arbeid med barn
  • Personleg eignaheit vert lagt vekt på ved tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du arbeidar sjølvstendig og i team 
  • Du har evne til å handtere stressande situasjonar og samtidig opptre roleg overfor pasient og pårørande 
  • Du er fagleg engasjert 
  • Du er ansvarsbevisst 
  • Du har vilje til medverke til eit godt arbeidsmiljø 

Vi tilbyr

  • Interessante arbeidsoppgåver og ein variert arbeidsdag 
  • Fleksiplan, turnus går over 12 veker 
  • Eit godt arbeidsmiljø der personalet arbeider tett saman og er gode på å hjelpe og støtte kvarandre.
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Ingrid Eriksen, Seksjonsleiar, 70167666, Ingrid.Eriksen@helse-mr.no
Irene Margretehe Takvam, Ass.seksjonsleiar, 70167667, Irene.Takvam@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5191803420
Stillingsprosent: 50, 80%
Fast, Vikariat
Startdato: 02.11.2026
Søknadsfrist: 25.10.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Irene Margretehe Takvam

Ass.seksjonsleiar

70167667

Irene.Takvam@helse-mr.no

Ingrid Eriksen

Seksjonsleiar

70167666

Ingrid.Eriksen@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b28cb9b2-1e24-4559-afe7-b0ad245ec6e6

Sist endret

9. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6bcbb73c510f4b0e9ce778f339c67013

Lignende annonser

Laster lignende annonser