Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Dagpost og Kirurgisk sengepost A, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 65%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 22. oktober

Vi har ledig ei kombinert 65 % fast stilling. Dette er ei kombinert stilling der ein jobbar 20% ved Dagposten, og 45% på Kirurgisk sengepost A.

Vi har også ledig vikariat på 30 %, så det er mogleg å auke stillinga ved Dagposten. Vikariatet er i første omgang til 1/2-27. 

Stillingane på Dagposten inneber arbeid på dagtid, kveld og også moglegheiter for langvakter. Dagposten har opent frå 07:00-21:15 måndag -fredag. 
Stillingane på Kirurgen A er i turnus med arbeid kvar 3. helg, eller kvar 4. helg dersom ein ønskjer langvakter. 

Oppstart 01.11.2026, eller etter avtale. 

Dagposten  høyrer til under Avdeling for kirurgi ved Ålesund sjukehus. Vi tek imot all elektiv kirurgi som skal opereres på hovedoperasjon. Vi klargjer pasientene , og sender dei til operasjon. Dei som skal leggjast inn på sengepost går videre til Kirurgen A eller B etter operasjon.  Dei som er dagkirurgiske pasientar skal tilbake til Dagposten til observasjon før utskriving. Dagposten opna 5/1-26, så du kan her vere med å utforme ei ny og spennande avdeling. Her er omsorgsfulle og engasjerte kollegaer som har fokus på best mogeleg pasientbehandling. Dette er ein arbeidsplass med tidvis høgt tempo og spanande utfordringar, der vi alle jobbar saman for at pasienten skal få ei god oppleving av opphaldet på sjukehuset. Arbeidsglede og godt samhald pregar i stor grad arbeidsmiljøet i seksjonen.  

Kirurgisk sengepost A er ein sengepost med 26 sengeplassar. Vi har pasientar innan fagfelta Kar/Thorax, Ortopedi, ØNH, Auge, Revmatologi og Odontologi. Vi jobbar i spennande fagfelt og har mange engasjerte tilsette. Vi er ein sengepost med fokus på fag, og vi ønskjer å vere langt framme innanfor våre fagområde. Med fokus på fagleg utvikling og eit dynamisk arbeidsmiljø, er dette ei ypperlig moglegheit for deg som ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og få erfaring innan desse spesialfelta.

Du er velkomen som søkjar til ein meiningsfylt arbeidsdag!

Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledige.


Arbeidsoppgåver

  • Pre- og postoperativ sjukepleie til alle dei aktuelle pasientgruppene 
  • Ø-hjelps funksjon for alle pasientgrupper, inkludert polikliniske konsultasjonar   
  • Observasjon og behandling av lettare traumar 
  • Sjukepleieprosedyrer 
  • Legemiddelhandtering 
  • Sjukepleieadministrative og koordinerande oppgåver 
  • Rettleiing av studentar og kollegaer 
  • Kontinuerleg forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar .
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg 
  • Erfaring frå somatikk i sjukehus vert lagt vekt på 

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel. 
  • Personlege eigenskapar og fagleg engasjement vert lagt vekt på ved tilsetting
  • Du trivast i eit miljø med høg aktivitet 
  • Du bidreg til å ivareta eit alt etablert godt psykososialt arbeidsmiljø 
  • Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst, og liker varierte utfordringa. 
  • Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjoner. 

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Tone Torvik Akslen, Seksjonsleiar, Dagposten, +47 90531460, Tone.Torvik.Akslen@helse-mr.no
Andre Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, Kirurgisk sengepost A, +47 70105817, andre.giskegjerde.hoybakk@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5182186459
Stillingsprosent: 65%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Andre Giskegjerde Høybakk

Seksjonsleiar, Kirurgisk sengepost A

+47 70105817

andre.giskegjerde.hoybakk@helse-mr.no

Tone Torvik Akslen

Seksjonsleiar, Dagposten

+47 90531460

Tone.Torvik.Akslen@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

992c3c50-cfb7-41de-8046-50c50fb4d97d

Sist endret

7. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e7e3d03c8506436c9ec89d24474869ab

Lignende annonser

Laster lignende annonser