Sjukehusprest/sjukehusdiakon/ tru- og livssynssamtalepartnar
Klinisk støtte Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Oppstart
- 1. februar 2027
- Stillingstittel
- Sjukehusprest/sjukehusdiakon/ tru- og livssynssamtalepartnar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. desember
Vi søkjer ein medarbeidar med relevant utdanning, erfaring og kompetanse innan samtalar om tru, livssyn og eksistensielle spørsmål. Stillinga er open for søkjarar med ulik fagleg bakgrunn, og vi ønskjer særleg kompetanse innan å møte menneske i krevjande livssituasjonar, uavhengig av deira tru eller livssyn. Stillinga omfattar arbeid ved SNR Hjelset, i tillegg til psykisk helsevern og rustenestene i området.
Preste- og samtaletenesta er ei livssynsopen teneste som tilbyr samtalar og støtte til pasientar, pårørande og ansatte, uavhengig av religion, tru eller livssyn. Tenesta skal vere ein trygg samtalepartnar i møte med sjukdom, kriser, sorg og andre eksistensielle utfordringar.
Tenesta har i dag fire sjukehusprestar og éin sjukehusdiakon, som til saman utgjer 3 årsverk i Helse Møre og Romsdal. Av desse er 1,2 årsverk sette av til å dekkje tenesteområdet ved SNR Hjelset.
Som del av fagmiljøet vil du delta i digital kollegarettleiing kvar veke. Vi gjennomfører også faste fagdagar kvart semester. Preste- og samtaletenesta arbeider aktivt for å styrkje den faglege kompetansen til medarbeidarane og legg til rette for relevant vidareutdanning og kurs.
Tenesta arbeider med fleire prosjekt som på sikt kan gi grunnlag for ein mellombels auke i stillingsprosenten. Ei eventuell auke vil vere avhengig av den vidare utviklinga i prosjekta og tilgjengeleg finansiering.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre støttande og eksistensielle samtalar med pasientar og pårørande i tett samarbeid med behandlarar og pleiepersonell
- Planleggje, gjennomføre og vidareutvikle ritual og seremonielle handlingar tilpassa pasientar, pårørande og situasjonar
- Bidra til fagleg utvikling og kvalitetssikring av Preste- og samtaletenesta sitt tilbod ved sjukehusa
- Medverke i psykososial beredskap ved kriser, alvorlege hendingar og ulykker
- Gi undervisning, rettleiing og fagleg støtte til tilsette, samt delta aktivt i tverrfaglege team
- Delta i tenesta si beredskapsordning for tilkalling utanom ordinær arbeidstid
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid med sorg, kriser og menneske i krevjande livssituasjonar
- Teologisk embetseksamen eller anna relevant utdanning på masternivå innan tru-, livssyns- eller eksistensielt samtalearbeid
Vigsling, autorisasjon eller tilsvarande godkjenning frå eige trus- eller livssynssamfunn der dette er aktuelt - Kompetanse innan tru-, livssyns- og eksistensielle spørsmål
- Rettleiingskompetanse er særleg verdsett, og søkjarar med erfaring frå rettleiing blir oppmoda til å søkje
Personlege eigenskapar
- Du trivst med å arbeide sjølvstendig, tek ansvar og viser initiativ i møte med ulike arbeidsoppgåver
- Du har gode relasjonelle ferdigheiter og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer på tvers av fagmiljø
- Du har evne til å møte menneske i ulike livssituasjonar og tilpassar deg behov, utfordringar og føresetnader hos den enkelte
- Du møter menneske med respekt, openheit og omtanke, uavhengig av bakgrunn, religion, tru eller livssyn
- Du er trygg i møte med eksistensielle spørsmål og har evne til å skape tillit i samtalar om livet sine store og små utfordringar
- Du bidreg til eit inkluderande og livssynsope miljø der mangfald blir verdsett og ivaretatt
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter avtale
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.Kontaktinformasjon
Henrik Rønningsbakk Jansson, Seksjonsleiar, 70240595, henrik.ronningsbakk.jansson@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5206668007
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 06.12.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
08bb80eb-34f3-4714-985b-89bb9dc3ec11
- Sist endret
20. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3b0d26a243ac4611b6899a7ff0d8128e