Hopp til innhold

Tilkallingsvikarer

Arbeidsgiver

Sengepost Medisin 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikarer
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Antall stillinger
6
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 2. desember

Ønskjer du ein meiningsfull ekstrajobb?

Vi søkjer no etter engasjerte og pålitelege tilkallingsvikarar til sengeposten vår.

Sengepost Medisin 2 ved SNR omfattar fagområda lungemedisin, indremedisin og fordøyingssjukdommar. Hos oss møter du pasientar med ulike og samansette behov, og får vere med på å gi heilskapleg behandling, pleie og omsorg i eit tverrfagleg miljø. Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt team som er oppteke av samarbeid, kvalitet og kompetanseutvikling. Som tilkallingsvikar får du god opplæring og tett oppfølging frå erfarne kollegaer, slik at du kan kjenne deg trygg i rolla.
Arbeidskvardagen er variert, og du får høve til både fagleg og personleg utvikling. Arbeidsmiljøet vårt er prega av respekt, samarbeid og engasjement, og vi ønskjer å skape ein arbeidsplass der alle kjenner seg verdsette og inkluderte.

Høyrast dette spennande ut?

Send oss ein søknad og bli med på laget!

Sjekk instagram @medisin2.snr for eit innblikk i arbeidskvardagen vår!


Arbeidsoppgåver

  • Grunnleggjande pleie og omsorg til akutt og kronisk sjuke medisinske pasientar
  • Observasjon, oppfølging og dokumentasjon av pasientforløp
  • Praktiske oppgåver og daglege gjeremål på sengeposten
  • Vere fastvakt ved behov

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar eller helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
  • Sjukepleiestudent eller student innan helsefag
  • Meistrar norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver
  • Du er ansvarsbevist, punktleg og tek initiativ
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Ein unik læringsarena der du får brei erfaring med eit mangfald av medisinske problemstillinga
  • Eit godt, trygt og støttande arbeidsmiljø
  • Grundig opplæring og tett oppfølging i avdelinga
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid med dyktige fagmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass der fellesskap og samarbeid står sentralt
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomsta
  • Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsordningar

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. 

Kontaktinformasjon

Mathilde Stranden, Seksjonsleiar, +47 71 11 69 92, Mathilde.Stranden@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5198742480
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 02.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Mathilde Stranden

Seksjonsleiar

+47 71 11 69 92

Mathilde.Stranden@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b4f3c8c9-42b9-4895-8bb7-ab6610f8fc2d

Sist endret

11. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

cb0a09519e80472fa420bd9ec2f12c29

Lignende annonser

Laster lignende annonser