Lege i spesialisering i radiologi
Bildediagnostikk legar SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering i radiologi
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 15. desember
Ønskjer du ei spennande LIS-stilling i radiologi, med variert praksis og gode utviklingsmoglegheiter? No har du sjansen!
Radiologisk avdeling ved sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Hjelset og Kristiansund, er ein god stad for ferske LIS3. Vi har eit breitt spekter av undersøkingar, dedikert og stabil overlegegruppe og eit godt, inkluderande LIS-miljø. Vi har nyleg flytta inn i det nye sjukehuset (SNR) og dei nye lokala legg til rette for ein god og variert arbeidskvardag med mykje 1-til-1 opplæring. Vi har fokus på at nye LIS3 skal få eit godt grunnlag og føle seg trygg med tett oppfølgning når dei starter med vakt.
Vi har no ledig to faste stillingar som LIS i radiologi, med oppstart 01.03.2026 eller etter avtale. Det er også moglegheit for vikariat for flere kvalifiserte søkjarar og gode moglegheiter for fleire faste stillingar etter kort tid.
Opplæring skjer hovudsakleg på Hjelset, men vi legg til rette for deg som ønskjer å bu i Kristiansund.
Radiologisk avdeling ved Hjelset og Kristiansund er sentrale i diagnostikk og oppfølging av pasientar, og samarbeider tett med kliniske avdelingar. Kvart år utfører vi om lag 100 000 undersøkingar innan alle modalitetar. Avdelinga har eit nært samarbeid med St. Olavs hospital om delar av spesialistutdanninga, og det nye sjukehuset (SNR) har fylkets første 3 Tesla MR.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Opplæring og arbeid med røntgen, CT og ultralyd
- Etter kvart delta i radiologiske intervensjonar og MR-opplæring
- Beskrive bilete og utføre ultralydundersøkingar
- Kommunisere med klinikarar om undersøkingar
- Presentere bilete for klinikarar
- Deltaking i vaktordning (for tida åttedelt), med tilstadevakt og overlege i bakvakt (delvis heimevakt)
Kvalifikasjonar
- Gyldig norsk autorisasjon som lege
- Norsk LIS1 eller fullført turnusteneste etter tidlegare ordning
- Meistre norsk, svensk eller dansk, med god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- God klinisk forståing
- Evne til å samarbeide tett med ulike faggrupper
- Interesse for fagleg utvikling og læring
Personlig eignaheit vil vektleggast ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er ei perle på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Kontaktinformasjon
Thomas Alexander Bremnes, Seksjonsleiar, 71116093, thomas.alexander.bremnes@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5043204650
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0855df88-be3c-48ae-a848-9cd1ae7d5281
- Sist endret
21. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5df18a19c82748fca49d51264f6ee703
Lignende annonser
Ferievikar 2026 - Radiograf/radiografstudent
Arbeidsgiver
Ferievikarer SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
Lis og turnuslegar Psyk. Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Molde
Ferievikar 2026 - Vikar for LIS1
Arbeidsgiver
Ferievikarer SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset