Høgskulelektor i matematikkdidaktikk
Høgskulen på Vestlandet
Klingenbergvegen 4, 5414 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Høgskulelektor i matematikkdidaktikk
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast 100 % stilling som høgskulelektor i matematikkdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Dette er ei stilling som gir deg høve til å forme framtida gjennom undervisning og rettleiing i matematikkdidaktikk. Du får kombinere studentaktive læringsformer med forsking og utvikling, og bidra til å styrke praksisutdanninga i samarbeid med partnarskular. Arbeidet spenner frå undervisning og fagutvikling til internasjonalisering og prosjektfinansiering – alt med digitale verktøy som ein naturleg del av kvardagen. Ei rolle for deg som vil vere med å byggje institusjonen og inspirere komande generasjonar.
Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, og har campus Stord som arbeidsstad. Ønskja oppstart i stillinga er 01.02.2026 eller etter nærmare avtale.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, rettleiing, vurdering, praksisoppfølging og utvikling av studentaktive læringsformer i matematikkdidaktikk knytt til grunnskulelærarutdanningane (1–7 og 5–10), barnehagelærarutdanninga og etter- og vidareutdanningar, samt master-utdanning. I tillegg vil arbeidsoppgåver knytt til tilskotsordningar som ReKomp, DeKomp og Kompetanseløftet m.m. være aktuelt.
- Ein mindre del av arbeidsoppgåvene vil vere forsking- og utviklingsarbeid med relevans for instituttet sine fagområde
- Bidra til student- og kollegainvolvering i forskingsprosjekt og i samarbeid med andre aktørar, for eksempel partnarskular og utvikle studentane si praksisutdanning.
- Institusjonsbyggjande arbeid irekna fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
- Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet
- Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
- Reising i stillinga kan bli aktuelt i nokre tilfelle der undervisning bli lagt utanfor campus Stord, og ein må kunne undervise i nettbaserte emne
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven
Formelle kvalifikasjonar:- For fast tilsetjing som høgskulelektor må søkar ha avlagt master/hovudfag i matematikkdidaktikk eller innan eit anna fagområde med klar relevans for matematikk i lærarutdanningane
- For tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva
- Den som blir tilsett, må kunne undervise i dei sentrale emna i grunnskulelærarutdanningane og barnehagelærarutdanning, også på nett. Det vil bli lagt vekt på didaktisk og pedagogisk kompetanse og dokumentert praksis og forsking- og/eller utviklingsarbeid av didaktisk karakter. Det må og dokumenterast fordjuping i matematikk
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga
Undervisningsspråket er norsk, og søkarar må meistre norsk
- Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel
- Høgt etisk medvit er eit krav
- Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga
Følgande tel positivt i vurderinga
- Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt innan matematikkdidaktikk, fortrinnsvis relatert til skule og/eller barnehage, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
- Relevant regionalt, nasjonalt og internasjonalt nettverk
- Undervisningserfaring i matematikkdidaktikk på bachelor- og masternivå
- Relevant og nyare erfaring frå barnehage og grunnskule
- God kjennskap til norsk skule og barnehage generelt og lærarutdanningane spesielt
- Kunnskap om og erfaring med relevante kvantitative og kvalitative forskingsmetodar
- Relevant programeringskompetanse for bruk i matematikkfaget i skulen
- Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT
- Kunnskap om byrjaropplæring
Utdanningsfagleg kompetanse for høgskulelektor:
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
- Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
- Attestar og vitnemål
- Ev. vitskapleg arbeid (inntil 5 stk.) og fullstendig publikasjonsliste
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar kan ikkje sende søknadar på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - Høgskulelektor.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Faggruppekoordinator matematikk , Tesfa Yigrem Mengestie, tlf. 53 49 13 26, Tesfa.Yigrem.Mengestie@hvl.no
2) Assisterande instituttleiar Anders Daniel Faksvåg Haugen, tlf. 97 08 37 73, adfh@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.Kontaktperson for stillingen
Anders Daniel Faksvåg Haugen
Assisterende instituttleder
+4797083773
Om bedriften
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 5000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5 700 studentar og 530 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
085063f8-4245-4912-989a-e024f030bf2c
- Sist endret
10. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10273009
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Stord
Rådgjevar - Studieadministrasjonen
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen, Stord, Sogndal