Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Søfteland barneskule
Lerkevegen 2, 5212 Søfteland
Om jobben
- Stillingstittel
- Undervisningsstilling vikariat ved Søfteland barneskule
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 6. januar
Vi har ledig undervisningsstilling, vikariat 100% frå 01.02.2026 ut skuleåret 2026.
Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er trygge og inkluderande skulemiljø og lesing i alle fag som grunnleggande ferdigheit.
Arbeidsstad
Søfteland barneskule ligg like ved den gamle riksvegen på veg mot Os sentrum når du kjem frå Bergen. Vi har 240 elevar og 35 tilsette. Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt barna. Les gjerne meir om skulen på heimesida: www.softeland.no
Arbeidsoppgåver
Undervisning i fleire fag på småtrinnet
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.
Vi ser etter medarbeidarar som:
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital undervisning
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega
Skulen har særleg behov for kompetanse innan faga norsk, musikk og kunst & handverk. Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
083e80f4-7f2b-42e6-a278-75ac9666b28e
- Sist endret
16. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3575283_207777_nn
Lignende annonser
Fagarbeidar/assistent ved Søfteland barneskule
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Søfteland barneskule
Sted
Søfteland
Tilkallingsvikar som fagarbeidar/assistent
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Skulane
Sted
Os
Arbeidsgiver
Åstveit skole, Bergen kommune
Sted
Tertnes