Hopp til innhold

Bookingmedarbeidar

Arbeidsgiver

Voss Resort AS

Sted

5704 Voss

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i dag

Er du typen som elskar å skape gode opplevingar, også før gjesten er komen fram?

Me søkjer ein ny lagspelar til vår booking-avdeling!

Hjå oss vert du eit viktig bindeledd; ein som får ting til å flyte, som gjev gjestar ei god oppleving frå første kontakt, og som får kvardagen til å henge saman for både kundar og kollegaer.

Du er nysgjerrig på kundens behov, likar å finne gode løysingar og trivst i eit miljø der det skjer mykje.

Kva du kjem til å gjere:
  • Vere eit bindeledd for administrative oppgåver internt

  • Svare på førespurnader på telefon og e-post, og ta imot kundegrupper ved behov

  • Støtte salsteamet med backoffice-tenester knytta til koordinering av booking, ordrehåndtering og fakturering

  • Handtere dagsoppgjer og månedleg rapportering

  • Andre administrative oppgåver ved behov

Kven du er:
  • Du er strukturert, tek ansvar og er initiativrik

  • Du har god kommunikasjonsevne, både på norsk og engelsk (skriftleg og munnleg)

  • Du er positiv og omgjengeleg

  • Du har god systemforståelse og sett deg raskt inn i nye løysingar.

  • Du har gjerne erfaring med booking- og faktureringssystemer.

  • Positiv innstilling og villighet til å læra er viktigare enn formell utdanning

Kva kan me tilby:
  • Ei spanande merkevare med høg aktivitet

  • Ein variert arbeidskvardag med høgt tempo, i flotte omgivelser

  • Moglegheit til å vera ein viktig del av gjesteopplevinga frå første kontakt

  • Tett samarbeid med flinke folk som vil at du skal lykkast

  • Moglegheit for å påverke og utvikle rutinar i bookingarbeidet

  • Eit engasjert, inkuderende og uformelt arbeidsmiljø

Og ja; me som jobber her er ein gjeng ekte, ærlege, kreative og litt (små)galne vossingar* med glimt i auga (*alle som er ekte, ærlege, kreative og litt galne kan kallast vossingar).

Om bedriften

Voss Resort er ei spennande merkevare med høg aktivitet heile året.

Me leverer tre primærprodukt; skiprodukt, sommarprodukt og eit året rundt produkt med overnatting, Hangurstoppen Resturant og Voss Gondol.

Gjester kjem til oss både nasjonalt og internasjonalt fordi dei her får opplevingar dei ikkje får andre stader.

Som ein naturleg stoppestad på jernbanen Bergen -- Oslo, gjer me det lett for tilreisande å koma seg til fjells på miljøvenleg vis.

Voss Resort er ein sentral aktør i bygda, og er ein av motorane for den positive utviklinga på Voss.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

07bb9f41-3717-4a76-88a6-814ac71ed8a1

Sist endret

15. april 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

458004195

Lignende annonser

Laster lignende annonser