Hopp til innhold

Tilkallingsvikarar - reinhald

Arbeidsgiver

Bemanningssenteret, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikar - Assistent reinhald
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Bemanningssenteret søker tilkallingsvikarar til oppdrag i Hospitaldrift Reinhald. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Hospitaldrift Reinhald.

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 750 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane.

Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette. Hovudoppgåvene er regelmessig reinhald, hovudreingjering, smittevask og vask/reiing av senger.

I reinhaldsseksjonane våre vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.

Tilkallingsvikarane våre vil kunne få opplæring i fleire einingar og være ein viktig ressurs i sjukehuset si daglege drift. Vi søker deg som likar variasjon i oppgåvene, og samtidig er god til å følgje gjeldande rutiner for god kvalitet i arbeidet. 

Hovudarbeidstida er 07-15, men vi har også mange vakter på ettermiddag/kveld med variabel start- og slutt tid.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidoppgåver vil hovudsakleg vere utføring av regelmessig reinhald, smittevask samt andre reinhaldsoppgåver
  • Vi treng vikarar både til dagvakter og seinvakter, kvardagar og helg

Kvalifikasjonar

  • Vi søker etter personar med interesse for og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget, til dømes gjennom arbeid ved helseinstitusjon, i hotell- og sørvisnæringa eller frå kurs- og konferansedrift
  • Det vil bli stilt krav til gode norskkunnskapar
  • Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er og av interesse
  • Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene

Personlege eigenskapar

  • Sørvisinnstilt, fleksibel og kvalitetsbevisst
  • Gode samarbeidsevner
  • Kunne jobbe både i team og sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst, strukturert og punktleg
  • Kunne utføre og trivast med eit arbeid som til tider kan vere fysisk krevjande

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overreinskomst
  • Kurs- og utviklingsmoglegheiter
  • Bedriftsidrettslag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein veldriven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, cathrine.fauske-haferkamp@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5038441784
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 20.11.2025

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0773de78-c13b-475f-913d-1bfe090865b3

Sist endret

21. november 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

cc226236de984db3a7786acc1ce85312

Lignende annonser

Laster lignende annonser