Hopp til innhold

Ergoterapeut/ spesialergoterapeut i 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Aukra kommune Helse

Sted

Aukraringen 17, 6480 Aukra

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Ergoterapeut/ spesialergoterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vil du vere med og utvikle framtidas helsetenester i Aukra kommune?

Fysio- og ergoterapitenesta har ansvar for å fremje helse, aktivitet og meistring for innbyggjarar i alle aldrar – frå barn og unge til vaksne og eldre. Vi samarbeider tett med helse- og omsorgstenestene, skule, barnehage, NAV, PPT, teknisk avdeling, hjelpemiddelfirma og spesialisthelsetenesta. Hos oss får du arbeide med eit breitt spekter av spennande og varierte arbeidsoppgåver.

Kontorplassen er på helsesenteret på Gossen, med gratis ferje frå fastlandet på om lag 12 minutt. Mange av arbeidsoppgåvene blir utførte ute i kommunen –  i barnehage, skule, institusjon og i heimen, både på Gossen og i Julsundet.

Tenesta er i utvikling, og no styrkjer vi laget med ein ny ergoterapeut i 100 % fast stilling. Ergoterapitenesta har hovudansvar for velferdsteknologi i kommunen, og stillinga vil ha ei sentral rolle i koordinering og vidareutvikling av dette området. Vi søkjer ein fagleg engasjert og utviklingsorientert ergoterapeut som ønskjer å bidra til framtidsretta helsetenester med fokus på meistring og aktivitet.

Vi ønskjer både erfarne og nyutdanna ergoterapeutar velkomne til å søke. Erfaring er ein fordel, men engasjement, lærevilje og oppdatert kunnskap frå studiet er minst like viktig hos oss, sidan vi frå før er eit erfarent fagmiljø.

 Arbeidsoppgåver

  • Tenesteoppfølging av barn, unge, vaksne og eldre
  • Koordinere, vidareutvikle og bidra til implementering av velferdsteknologiske løysingar i kommunen
  • Bidra med rådgiving, førebygging og kvardagsmeistring slik at innbyggjarane kan bu trygt heime
  • Formidling, opplæring og tilpassing av hjelpemiddel
  • Delta i tverrfagleg rehabilitering på institusjon og kvardagsrehabilitering i heimen
  • Rådgiving ved bustadplanlegging og bustadsosialt arbeid
  • Koordinatorrolle, deltaking i ansvarsgruppe og arbeid med individuell plan
  • Utvikle undervisningstilbod og gruppebaserte aktivitetar

 Krav til søkar

  • Norsk autorisasjon som ergoterapeut
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B (det er ein fordel å disponere eigen bil)

 Ønskt kompetanse

  • Interesse for og gjerne erfaring med bruk av velferdsteknologiske løysingar
  • Vidareutdanning innan velferdsteknologi
  • Erfaring frå rehabilitering og/ eller arbeid med barn og unge
  • Erfaring frå tverrfagleg arbeid

Dersom du ikkje har formell vidareutdanning innan velferdsteknologi, vil arbeidsgivar kunne leggje til rette for relevant kompetanseheving.

Personlege eigenskapar

 Du er:

  • Løysingsfokusert, fleksibel og fagleg nysgjerrig
  • Strukturert og sjølvstendig, med god gjennomføringsevne
  • Genuint opptatt av meistring og aktivitet i kvardagen til innbyggjarane
  • God til å kommunisere med kollegaer, brukarar og samarbeidspartnarar

 Vi håpar du kjenner deg att i desse eigenskapane, og at du vil bli ein viktig del av laget vårt!

 Vi tilbyr

  • Ei spanande og variert stilling i eit fagmiljø i utvikling
  • Gode moglegheiter for fagleg fordjuping og kompetanseutvikling
  • Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med høg grad av samarbeid
  • Kommunale tilsetjingsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning

 Andre opplysningar

Politiattest må leggjast fram før tilsetjing.

 Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

 Søkarliste

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal og er kjent for sin robuste økonomi. Kommunen har 3750 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort. Aukra kommune har om lag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i tre nivå: kommunedirektør, fire kommunalsjefar som leiar kvar sin sektor med totalt 14 einingar. Kommunen har gode utviklingsmoglegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar. Våre verdiar er "Attraktiv - Uredd - Kvalitet - Raus - Arbeidsglede. Vi legg stor vekt på meistringsorientert og myndiggjerande leiing

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

07099fa3-b5a0-4746-9cf3-8c22adcf9269

Sist endret

27. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3577745_192443_nn

Lignende annonser

Miljøterapeut - Fysisk aktivitet og rehabilitering for eldre ved Bergmo dagsenter

Arbeidsgiver

Molde kommune Bergmo og Skåla omsorgsdistrikt

Sted

Molde