Hopp til innhold

Aukra kommune har ledige oppdrag for støttekontaktar

Arbeidsgiver

Aukra kommune Heimetenester

Sted

Omsorgssenteret, 6480 Aukra

Om jobben

Stillingstittel
Støttekontakt
Type ansettelse
Annet, deltid 10%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 30. april

Vi søker støttekontaktar til personar i alderen 6-90 år. 

​​Ein støttekontakt er ein person som over tid, gjennom samvær og ulike fritidsaktivitetar gir assistanse, støtte og oppfølging på fritida til enkeltpersonar. 

Dei som treng støttekontakt er like forskjellige som alle andre. Dei kan til dømes ha ei funksjonshemming, lærevanskar, ein sjukdom eller andre utfordringar, og har eit ønske og behov for bistand for å oppnå ei meiningsfull fritid. Kva som opplevast som ei meiningsfull fritid er individuelt, men sosialt samvær er ein fellesnemnar.

Støttekontaktar tilbyr blant anna sosialt samvær og følge til ulike fritidsaktivitetar. Tenesta skal hjelpe til med å bryte isolasjon, utvide sosiale nettverk og utvikle sosiale ferdigheiter. Innhaldet i tenesta tilpassast ønsker, behov og forutsetningane til tenestemottakarane og utførast i tett dialog mellom brukar og støttekontakt. Arbeidstida avtalast av begge partar i oppdraget.

Per i dag treng vi fleire støttekontaktar til barn og vaksne.  Det er flest ledige oppdrag på øya. Vi søker deg som likar å vere saman med andre menneske og har evne til å ta initiativ til aktivitetar.

Ta gjerne kontakt med saksbehandlar Tone Vebenstad på tlf 469 12 665 for ein uforpliktande prat.

 

Krav til søkar
  • Det blir ikkje stilt noko særskilde krav til fagutdanning, men det leggast stor vekt på om du er personleg eigna til oppdraga.
  • Du har fylt 18 år
  • Politiattest må visast fram før tildelt oppdrag kan starte.
Personlege eigenskapar
  • Er ansvarsfull og pliktoppfyllande
  • Påliteleg og trygg på deg sjølv
  • Du er fleksibel og løysningsorientert
  • Evne til å vere til stades, lytte, skape tillit og samarbeid
  • Punktleg og ha stabilt oppmøte
  • Du likar å jobbe med menneske
Kva tilbyr vi
  • Timeløn 204 kr/time
  • Køyregodtgjersle inntil 100 km per mnd
  • Utgiftsdekning 35 kr per time (i inntil 10 timar per døgn)
 Informasjon om stillinga

For å skape stabilitet for brukaren er det ønskeleg at du forpliktar deg til oppdraget over ei lengre periode, minimum eit år.

Spesifiser i søknaden korleis arbeidserfaring og fritidsinteresser du har, samt kva brukarar du helst vil jobbe med, for eksempel psykisk utviklingshemma, barn/ungdom, funksjonshemma, menneske frå andre kulturar, eldre.

Søknadane vil bli vurdert fortløpande.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Tone Vebenstad

+47 46912665

tone.vebenstad@aukra.kommune.no

Om bedriften

Pleie og omsorg har nytt omsorgssenter som sto ferdig i 2018. Tenester er samlokaliserte i omsorgssenteret med lang- og korttidsplassar i sjukeheim, 20 heildøgns omsorgsbustadar og dagsentertilbod for eldre og yngre. Legevaktsatelitt, som vert drifta av sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie. Kjøkkenet i omsorgssenteret leverer heimlaga middagar til bebuarar ved sjukeheim og til heimebuande. Eining Helse ligg i nærleiken av Aukra Omsorgssenter og det er etablert eit tett samarbeid mellom fastlegar, fysio- og ergoterapeutar, avdeling for i psykisk helse, institusjonstenester og heimetenester. Eininga organiserer heimesjukepleie, praktisk bistand, teneste for psykisk helse og rus, dagsenter for eldre og yngre samt demenskoordinator, kreft- og palliasjonskoordinator og hjelpemiddelansvarleg. Basen til heimesjukepleia ligg i Aukra Omsorgssenter, som sto ferdig bygd i 2018. I omsorgssenteret har heimesjukepleia ansvar for 20 bustadar med heildøgns omsorg.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a553494c-270a-41c1-93e6-009ce78d031b

Sist endret

26. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3599957_192905_nn

Lignende annonser