Ambulansearbeidar / Paramedisiner
Ambulanseseksjon Sunndal-Nesset, Helse Møre og Romsdal HF
Mongstugata 7, 6600 Sunndalsøra
Om jobben
- Oppstart
- 2. september 2026
- Stillingstittel
- Ambulansearbeidar / Paramedisiner
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 26. august
Vi vil gjerne ha deg med på vårt lag!
Ambulanseseksjon Sunndal har ledig ei 100% vikar stilling for ambulansearbeidar/paramedisiner med oppstart frå 01.09.26
Klinikk for prehospitale tjenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserar den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil -, båt - og luftambulanse, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser. Vi består i dag av 2 heildøgns ambulansar med 16 fulltidstilsette. Vi har fokus på fagleg utvikling og best mogleg pasientbehandling. Vi søkjer etter fagleg engasjert og ansvarsbevisst paramedisiner/ambulansearbeidar som har evna til å inspirere og motivere andre til å yte betre i kvardagen.
Ved intern omrokkering kan stillingsprosent ved annan seksjon bli tilbudt. Det må også påreknast arbeid ved andre stasjonar.
Om du har pågangsmot, likar nye utfordringar og føler denne stillinga kan vere noko for deg, oppfordrar vi deg til å søkje!
Arbeidsoppgåver
- Utføre ambulanse- og redningsoppdrag
- Samhandle med interne og eksterne aktørar i den akuttmedisinske kjeden etter oppdrag frå AMK
- Samarbeide i team og samarbeidsetatar
- Delta på undervisning og sertifiseringar
- Påta seg dei faglege delegeringane som krevst
- Vedlikehald av faglege delegeringar som ligg til stillinga
- Interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon
- Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som er gjeldande for Helseforetaket
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ambulansearbeidar/ autorisasjon som paramedisinar
- Søkjarar med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert
- Ha gjennomført og bestått utrykningskurs og ha dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160)
- Ha førarkort klasse C1
- Farmakologiutdanning tilsvarande 5 stp. på høgskulenivå
- Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Ønskjeleg med gjennomført paramedic-utdanning, eller vere villig til å fullføre slik utdanning
- Bestått AMLS/PHTLS etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Politiattest krevst før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell §20a
- Vere psykisk og fysisk eigna, bestå fysisk test før tilsetting. Fysisk test vil bli gjennomført årleg i samband med resertifisering
Personlege eigenskapar
- Tydelig og respektfull kommunikasjon med pasientar og kollegaer
- Evne til å prioritere riktig i nødsituasjonar
- Motiverande, fleksibel og tilpasningsdyktig
- Gode datakunnskapar og evne til samarbeid
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og er ein konstruktiv bidragsytar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Fagleg engasjert og ansvarsbevisst, har pågangsmot og likar utfordringar
Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din når du søkjer.
Kontaktinformasjon
Jonny Moen, Seksjonsleiar, Jonny.Moen@helse-mr.noArbeidsstad
Mongstugata 76600 Sunndalsøra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5166690672
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.09.2026
Sluttdato: 02.09.2027
Søknadsfrist: 26.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
06e013df-8ab1-4baf-8dd9-77abfe18a76b
- Sist endret
19. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f9d88968fa094054ad86db5d87c6681e