Hopp til innhold

Tilkallingsvikarar i Bu- og aktivitetstenesta

Arbeidsgiver

Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta

Sted

Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal

Om jobben

Type ansettelse
Annet, deltid 25%
Antall stillinger
10
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 31. desember

Vi har behov for vikarar som kan arbeide som ekstrahjelper på tilkalling  ("ringevikarar").Behovet kan vere størst på helg, men vi kan og ha noko behov i vekedagane.

Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om mellom anna helsehjelp,praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov.
Målet er å bidra med helsehjelp og godt miljøarbeid slik at kvar enkelt opplever å vere trygg og ha best mogleg livskvalitet.

Du kan vere tilkallingsvikar som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller assistent og arbeidet passar t.d. godt for deg som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning, eller kanskje har lyst til å prøve ut arbeidet før du vel ei utdanning i eit helse- og omsorgsyrke.

Ut frå brukarbehova har vi behov for menn ved nokre tilbod og kvinner i andre.
Det er ein fordel å ha førarkort kl.B.

Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Denne skal leggast fram før oppstart i arbeid.

Hos oss får du:

  • opplæring og veiledning
  • kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • studentavlønning jf. reglane i personalplanen
  • trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Rakel Polden

+47 48054672

rakel.polden@surnadal.kommune.no

Om bedriften

Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om helsehjelp, praktisk bistand og opplæring til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Vi gjev også tilbod om avlasting i avlastingsbustad for familiar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver. Vi har ulike formar for aktivitetstilbod og arbeid til brukergruppa ved Sommerrotunet aktivitetshus. Mange som mottek tenester fra oss har behov for tilsyn og bistand hele døgnet. Boligane er litt spredd i sentrum og vi har også tenester i boligar som ikkje er tilknytt fellesbustadane. Når det kjem til fellesbustadane så bur nokre i leilegheiter de eig sjølv, medan andre leier kommunale bolig i borettslaget.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

633ddf76-c9ab-4034-ada5-7c9f14dab2ef

Sist endret

16. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3662349_188477_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser