Prosjektkoordinator
Nav fylkeskontor Vestland
C. Sundts gate 29, 5004 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektkoordinator
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Vil du vere med i eit spennande prosjekt som skal bidra til å auke talet på fagarbeidarar og levera kvalifisert arbeidskraft til Vestland?
Nav og fylkeskommunen har eit felles samfunnsoppdrag på dette området. For å få meir kraft i arbeidet har Nav Vestland og Vestland fylkeskommune starta eit prosjekt for å vidareutvikle samarbeidet. Målet er å få fleire som er utanfor arbeidslivet inn i opplæring og sikre arbeidsmarknaden kvalifisert arbeidskraft.
Prosjektet starta i 2024 og er no på veg inn i fasen for å implementere løysingane. Som prosjektkoordinator vil du jobbe tett saman med fylkeskommunen for å utvikle og dokumentere samhandlingsstrukturar, planlegge og gjennomføre prosessane som skal medverke til å implementere dei nye måtane å samarbeida på.
Vi ønsker tilsetting i prosjektet så snart som mogleg. Prosjektet varer til 31. desember 2026 med høve til forlenging.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle samhandlingsstrukturar mellom Vestland fylkeskommune, Nav og arbeidsliv for å bidra til å auke talet på fagarbeidarar og levera kvalifisert arbeidskraft
- Følge opp og styrke samarbeidet med fylkeskommunen om opplæring, karriererettleiing og realkompetansevurdering
- Utarbeide ein digital rettleiar I samarbeid med fylkeskommunen
- Utvikle samarbeidet med bransjeorganisasjonar, verksemder og ulike offentlege instansar
- Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av prosjektet
- Gjennomføre prosessarbeid og aktivitetar for involvering og implementering i heile fylket
- Utvikle gode metodar for å mobilisere og rekruttere deltakarar
- Medverke til å utvikle modellar for kvalifisering i samarbeid med offentlege instansar og arbeidsmarknaden
- Tverrfagleg samarbeid om oppgåver knytt til tilgrensande fagområde
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- Erfaring frå prosjektarbeid
- Erfaring frå arbeid i, eller frå samarbeid med utdanningssektoren knytt til fag- og yrkesopplæring
- God kjennskap til Nav sitt regelverk og verkemiddel
Det er ein fordel om du har:
- Erfaring frå utvikling av målretta kvalifiseringsløp
- Er komfortabel med å halde presentasjonar for større og mindre grupper
- Kjennskap til LEAN som arbeidsmetodikk
Vi ser etter deg som
- Er strukturert, sjølvstendig og fleksibel
- Har gode evner til kommunikasjon og samhandling
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Som tilsett hos oss får du
- Ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Stillinga er plassert i stillingskode 1364 som seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr 690 000 til 750 000 per år. Fors særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar.
Kontaktinformasjon
Jane Britt Daae, Avdelingsdirektør avdeling fag og tenester , 414 60 137, Jane.Britt.Daae@nav.noArbeidsstad
C. Sundts gate 295004 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 5030105613
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 02.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0665db10-f072-43e8-bd90-67bc37d1405a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
00fe1d2a0f324031b4236c3ead55cf1e
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Fagskulen Vestland, Vestland fylkeskommune
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Nav Arbeidslivssenter Vestland
Sted
Bergen
Fylkeskoordinator
Arbeidsgiver
Antidoping Norge
Sted
Bergen