Spesialkonsulent
Fagskulen Vestland, Vestland fylkeskommune
Haugeveien 28, 5005 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Spesialkonsulent
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Med om lag 1900 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette.
Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Om stillinga
Fagskulen Vestland søker etter to nye medarbeidarar i 100 % mellombels stilling (2 år) som studiekoordinatorar ved studiestadene i Bergen. Vi ser etter deg som har studieadministrativ erfaring, og som arbeidar sjølvstendig og systematisk med oppgåvene. Personane som blir tilsett skal gje administrativ støtte til utdanningsleiarar knytt til drift av utdanningane, og bidra til god kvalitet i oppfølging av studentane. Stillingane er ein del av administrasjonen med 12 medarbeidarar.
Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Arbeidsoppgåver
- Administrativt arbeid knytt til skoleårsplanlegging, vurdering (eksamen), revidering av studieplanar med vidare
- Sakshandsaming og klagehandsaming knytt til forberedelse og gjennomføring av vurdering
- Rettleiing av studentar i studiekvardagen
- Bidra til evaluering og kvalitetsutvikling av studietilbod
- Opptak
- Handsame søknader knytt til studentane sitt studieløp
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- 3-årig høgare relevant utdanning på universitets- og høgskulenivå (lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning)
- Relevant arbeidserfaring
- Kjennskap til studentadministrative system, LMS og liknande er ein føremon
- Gode IKT kunnskapar
- God skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Har gode samarbeidsevner
- Er initiativrik og sjølvstendig
- Trivst med utfordringar
- Nøyaktig og systematisk
Vi tilbyr
- Eit triveleg og godt arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Kontaktinformasjon
Hege Aarethun, Administrasjonsleiar, +47 99509287, hege.aarethun@vlfk.noArbeidsstad
Haugeveien 285005 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5023949951
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 19.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a9c8e218-9fd1-4527-ab65-6b11e16e7f1c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e45c401beb9d41a2ab4c27355621adbc