Sjukepleiar
Kvam heimeteneste
Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Oppstart
- 24. november 2025
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 10. november
- Me søkjer etter sjukepleiar til 100 % vikariat i Kvam heimeteneste
- Stillinga er ledig frå 24.11.25 og tom. 29.11.26, det kan bli aktuelt med forlenging
- Stillinga er i turnus med arbeidshelg kvar 3. helg.
- Kvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar. Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa. Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelparar jobbar tett saman i team.
Kvam heimeteneste er organisert under Tenester til heimebuande saman med korttidsavdelinga, hjelpemiddellager og dagaktivitetstilbod. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg.
Arbeidsoppgåver
Sjukepleie primært knytt til heimebuande i Kvam.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Du må kunne arbeida sjølvstendig
- Må ha førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
- Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
- er fleksibel og tek ansvar
- møter andre på ein respektfull og open måte
- deler og aukar kunnskap
- er open for endringar
Vi tilbyr
- Me tilbyr spanande arbeidsoppgåver i eit arbeidsmiljø med høg fagdekning
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak.
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Annelin Aga, Gruppeleiar Kvam heimeteneste, +47 482 08 990Arbeidsstad
Nedre Norheim 445600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5033284872
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 24.11.2025
Sluttdato: 29.11.2026
Søknadsfrist: 10.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Annelin Aga
Gruppeleiar Kvam heimeteneste
+47 482 08 990
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
05ca27ea-48bd-43d5-9bd8-52194638f3dc
- Sist endret
27. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b8f59d77311c4c25b8d5ec9cd050d4aa
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Kvam heimeteneste
Sted
Norheimsund
Ledige stillingar som sjukepleiar i heimetenesta på sone aust
Arbeidsgiver
Voss herad Heimeteneste sone aust
Sted
Voss
Sjukepleiar/vernepleiar - 100 % fast
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Sted
Eikelandsosen