Rådgjevar GIS
NPI - Regional plan og analyse, Vestland fylkeskommune
Askedalen 2, 6863 Leikanger, Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar GIS
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 12. oktober
Er du oppteken av GIS, digitale kartløysingar og samfunnsutvikling? Har du lyst til å vere med å utvikle løysingar som blir brukte av både kommunar, fagmiljø og politikarar når viktige avgjerder skal bli tatt?
Vestland fylkeskommune søkjer ein GIS-rådgivar til eit vikariat i 2 år. Du blir ein del av eit av dei sterkaste GIS- og analysemiljøa i offentleg sektor, der vi kombinerer moderne teknologi med analyse, innovasjon og samfunnsutvikling.
Dette er ikkje ei rein driftsstilling. Hjå oss får du vere med å utvikle nye løysingar, utforske ny teknologi og omsetje data til kunnskap som bidreg til betre avgjersle.
Arbeidsoppgåver
Arbeidskvardagen vil vere variert. Mellom anna vil du:
- lage geografiske analysar som støttar regional planlegging og samfunnsutvikling
- samarbeide med kommunar, statlege etatar og andre samarbeidspartnarar
- utvikle og forvalte GIS-infrastruktur, karttenester og geodata
- utvikle kartløysingar, dashboards og digitale visualiseringar
- bidra til å vidareutvikle fylkeskommunen sitt kunnskapsgrunnlag
- gi GIS-fagleg rådgiving til ulike avdelingar i fylkeskommunen
- bidra i utviklingsprosjekt innan analyse, digitalisering og geodata
Kvalifikasjonar
- Mastergrad innan GIS, geomatikk, geografi, informatikk eller tilsvarande
- erfaring med GIS-programvare
- god forståing for geografiske data og analysar
- gode samarbeidsevner og evne til å formidle faglege problemstillingar
- personlege eigenskapar vert vektlagt
Det er ein fordel dersom du har erfaring med:
- web-GIS og karttenester
- FME
- Python eller SQL
- ArcGIS Enterprise
- ArcGIS Pro
- datavisualisering og dashboard
- offentleg forvaltning eller planarbeid
Manglande erfaring innan enkelte område kan bli vege opp av sterk motivasjon og vilje til å lære.
Personlege eigenskapar
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Vi ser etter deg som:
- er nysgjerrig
- er løysingsorientert
- er god til å samarbeide med andre
- trivst med å arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi og samfunn
- likar å finne smarte løysingar
- har interesse for geografiske data
- ønskjer å vere med på å utvikle nye arbeidsmåtar
Vi tilbyr
Hjå oss blir du del av eit fagmiljø med høg kompetanse innan GIS, analyse, statistikk og regional planlegging.
Vi deler kunnskap, hjelper kvarandre og har stor tillit til den enkelte medarbeidaren. Du vil få høve til å arbeide med problemstillingar som betyr noko – både for kommunane, innbyggjarane og utviklinga av Vestland.
Du får mellom anna:
- spennande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver
- stor moglegheit til å påverke utviklinga av nye GIS-løysingar
- eit sterkt fagmiljø med brei GIS- og analysekompetanse
- høve til å utvikle deg fagleg gjennom prosjekt og samarbeid
- fleksibel arbeidstid og gode moglegheiter for heimekontor
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Ida -Beate Mølmesdal, Leiar, 47604557, Ida-Beate.Molmesdal@vlfk.noArbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5174899162
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 12.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
05c4611b-9b95-4066-b4bd-dd1ae24007c0
- Sist endret
18. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6ec6be27e1394f3592856eab736116e3