Hopp til innhold

Flåmsbana søker hyggelege turistvertar for sesongarbeid 2026

Arbeidsgiver

Flåmsbana AS

Sted

Flåm stasjon, 5743 Flåm

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Turistvert
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Ynskjer du ein spanande og lærerik sommarjobb? Då har me jobben for deg! Me på Flåmsbana er på jakt etter hyggelege turistvertar for sesongarbeid hjå oss sommaren 2026.

Turistvertane er våre ansikt utad mot gjestene. Dei ynskjer velkomen ved ombordstiging i Flåm og på Myrdal, og reiser med toget. Det må guidast og organiserast. Ein perfekt jobb for deg som er utadvendt og løysningsorientert.

Me ser etter personar som står på, er serviceinnstilt og som trivst med eit høgt arbeidstempo. Om du kunne tenkje deg å jobbe i eit uformelt internasjonalt arbeidsmiljø, og bidra til å skape fantastiske reiseopplevingar for våre gjester, så er ein sommarjobb hjå oss noko for deg.

Me treng folk i heile (eller deler av) tidsrommet 1.april - 31. oktober.

Skriv ein kortfatta søknad på e-post, der det går fram kva stilling du søker på, tidsrom som er aktuelt å jobbe i perioden april - oktober, samt om du har behov for losji i Flåm under arbeidsperioden. Flåmsbana AS kan vera behjelpeleg med dette, men eigen bustad er ein fordel.

Søknad og CV sendast til jobbsoknad@flamsbana.no

Intervju og tilsettingar skjer fortløpande.

Om bedriften

Flåmsbana AS er eit reiselivsselskap med ansvar for produktutvikling, sal og marknadsføring av Flåmsbana, ein av Noregs største og mest spektakulære turistattraksjonar. Flåmsbana AS er eigd av Norway's Best Group AS 50% og Vygruppen AS 50%. Selskapet har 13 fast tilsette og om lag 30 sesongarbeidarar.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

057de0bb-cc92-49f5-9b86-5b0aae42c390

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

057de0bb-cc92-49f5-9b86-5b0aae42c390

Lignende annonser

Laster lignende annonser