Hopp til innhold

Vaskerimedarbeidar – 30% vikariat pluss tilkallingsvakter

Arbeidsgiver

Vågåheimen

Sted

Vågå

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Vaskerimedarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, deltid 30%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Har du lyst til å bli ein del av eit viktig og trivelig team som sørger for at kvardagen flyt for både tilsette og bebuarar?

Vi søkjer ein praktisk anlagt og ansvarsbevisst medarbeidar til vårt vaskeri. Stillinga passer for deg som trivast med fysisk arbeid og liker å halde orden. Arbeidet inneber daglege rutinar i vaskeri og vil ha ei viktig rolle i å sikre reine tekstilar og eit trygt miljø for bebuarar og tilsette.

Vaskeriet ved Vågåheimen følgjande ledig stilling: Vaskerimedarbeidar -- 30% vikariat pluss tilkallingsvakter ledig frå d.d t.o.m mai 2026 Arbeidsoppgåver
  • Sortering, vask, tørk og distribusjon av tøy

  • Klargjering av tøy

  • Handtering av smittetøy med gode hygienerutinar

  • Enkelt vedlikehald og reingjering av vaskerimaskiner

  • Oppretthalde eit ryddig og sikkert arbeidsmiljø


Kvalifikasjonar
  • Erfaring frå vaskeri eller tilsvarande arbeid er ein fordel

  • Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig

  • Strukturert, serviceinnstilt og fleksibel

  • Gode rutinar for hygiene og orden

  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar
  • Praktisk sans og løysingsorientert

  • Nøyaktig og ansvarsbevisst

  • Serviceinnstilt og samarbeidsvillig

Vi tilbyr
  • Ein aktiv og variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver

  • Opplæring og støtte frå erfarne kollegaer

  • Moglegheit for fagleg utvikling

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Lønn etter gjeldande tariffavtaler

Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, og dei til einkvan tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. For denne stillinga vil det bli kravd politiattest, jfr. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. Vi er opptatt av mangfald og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, funksjonshemming eller etnisk bakgrunn. For alle stillingar i kommunen vil det bli lagt vekt på personleg eignaheit slik som engasjement, sjølvstendigheit, fleksibilitet og evne til samarbeid.

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist: 15.12.2025

Velkommen som søkjer!

Om bedriften

Vågå kommune ligg i Nord-Gudbransdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.

Vi meiner ar det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeisoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode jakt- og fiskemoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0566cd90-e28f-4e13-8796-ae9f31638887

Sist endret

16. desember 2025

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

0566cd90-e28f-4e13-8796-ae9f31638887

Lignende annonser

Laster lignende annonser