Barne- og ungdomsarbeidar/ assistent
Sveio kommune
Åsvegen 1, 5550 Sveio
Om jobben
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 12. juni
Om stillinga
Me søkjer etter barne- og ungdomsarbeidar/ assistent i 100% fast stilling med oppstart 15.08.2026 og barne- og ungdomsarbeidar/ assistent i 60% vikariat frå 15.08.2026 til 14.08.2027.
Sveio barnehage er ein kommunal barnehage som ligg nært sentrum av Sveio kommune. Det er kort veg til skog og vatn, bibliotek, skule, symjehall og idrettsanlegg. Me har tre avdelingar med for tida 54 barn i alderen 1-6 år.
Me har fokus på natur, bærekraft og kosthald. Barna får frukost, lunsj og ettermiddagsmat i barnehagen.
Til dagleg bruker me natur i området aktivt, blant anna Salamanderparken, Gapahuken og eiget uteområde som har ei flott, stor naturtomt med moglegheit for masse aktiv lek. Eit viktig satsingsområde for heile kommunen er barnas språkutvikling. I veske- bokprosjektet med biblioteket oppfordrar me til å lese meir bøker heime og låner ut bøker til barna. Samtidig leser me mykje samen med barna i barnehagen der fantasien får flyte fritt.
Personalet vårt er aktivt, engasjert og brenner for arbeidet sitt. Dei tilsette har høy kompetanse og lang erfaring.
Visjonen vår er: Robuste barn meistrar livet.
Arbeidsoppgåver
Du vil være ein del av eit fellesskap med barn og tilsette der du deltar i kvardagen for å gi barna gode dager, tryggheit og trivsel.
Du vil bidra til utvikling av robuste barn for framtida.
Du vil bidra med, og setje i verk det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn.
Du er med å planlegger, gjennomfører og dokumenterer og vurdere det pedagogiske arbeidet.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Søkjerar med annan relevant utdanning eller relevant erfaring vil også bli vurdert
- Gyldig politiatest må framvisast
Personlege eigenskapar
- Du er motivert, kreativ, og kan undre deg saman med barna
- Du har god relasjonskompetanse
- Du har god omsorgsevne
- Du har gode samarbeidsevner
- Du ynskjer å være med å vidareutvikle barnehagen og liker å være med i endringsprosessar
- Du kan arbeide sjølvstendig
- Du er løysingsorientert og viser fleksibilitet i arbeidet
- Du er ein tydeleg rollemodell for barn
- Personlege eigenskapar vil tilleggast stor vekt
Vi tilbyr
- Spennande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
- Eit godt fagmiljø som du får vere med å påverke og utvikle
- Kompetente og dyktige kollegaer i eit utviklande barnehagemiljø
- Eit arbeidsmiljø kor ein fram-snakkar kvarandre og har positive forventningar til kvarandre i ein spennande og motiverande kvardag
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktperson for stillingen
Kristin Tveit Beiermann
Einingsleiar Sveio barnehage
+4740048148
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
04d8eaaa-4455-4fe8-ba3b-c724b3dbdbf3
- Sist endret
29. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10297940