Lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi. Vikariat
Kysthospitalet i Hagevik, Helse Bergen HF
Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik
Om jobben
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi - vikariat
- Oppstart
- 3. august 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Ved Kysthospitalet i Hagevik er det ledig eit vikariat for lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi (LIS2/3), med tilsetting frå snarast. Varigheit av vikariatet er 1 år med moglegheit for forlenging. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.
Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk inkluderer Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus samt Kysthospitalet i Hagevik. Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Dei store pasientgruppene treng i hovudsak ryggkirurgi, protesekirurgi eller ulike former for artroskopisk kirurgi. For å dekke læringsmåla innan traumatologi er det avtale om rotasjon til ortopedisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.
Vi har ein sengepost med 22 senger, 4 operasjonsstover og ein oppvakningsavdeling. Sjukehuset har 6-døgnsdrift, det vil si at sjukehuset stenger laurdag kl. 16.00, og åpner mandag morgon kl. 7.00. Dei fleste heilagdagar er sjukehuset stengt.
Avdelingane er knytt til Det Medisinske Fakultet, Klinisk institutt 1 ved UiB og har ansvar for undervisinga av medisinarstudentar. Legane må derfor delta i undervisning etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i ortopedisk kirurgi
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
- Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Ansvarsbevisst
- Beslutningsdyktig
- Fleksibel
- Engasjert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Vi er ei IA-bedrift, dvs. ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift.
- LIS legane har 6-delt vaktordning, med fri kvar søndag.
- Vi har 6-døgnsdrift, dvs. sjukehuset stenger laurdag kl 16:00
- I tillegg til fri kvar søndag, stenger vi dei fleste helge- og høgtidsdagar. Vi har også stengt i påskeveka, og mellom jul- og nyttår
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kari Indrekvam, Avdelingsoverlege, 56565800Arbeidsstad
Hagaviksbakken 255217 Hagavik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5080366159
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 12.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Kari Indrekvam
Avdelingsoverlege
56565800
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
043dee46-3b75-46e0-a03d-712cd5bb9623
- Sist endret
2. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a237a9ed49164abebbe028a898c37b90
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Nevroklinikken/ Nevrokirurgisk avdeling, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Kirurgisk klinikk, Haraldsplass diakonale sykehus
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Kirurgisk klinikk/ Post 2 Urologi, Helse Bergen HF
Sted
Bergen