Hopp til innhold

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Arbeidsgiver

Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 10. mars

No er det snart eit år sidan vi flytta inn i det heilt nye og moderne sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Ved innflytting blei det oppretta ein heilt ny sengepost for vaksne pasientar med sjukdommar innan fagområda kreft, palliasjon og blodsjukdommar – Medisin 1.  

I denne sengeposten arbeider vi i team som består av sjukepleiarar, spesialsjukepleierar, helsefagarbeidarar og studentar og vi jobbar tett med dei andre faggruppene på sjukehuset.  

Vi arbeider fortsatt med å bygge opp fagmiljøet vårt, blant anna med fastsatte fagdagar i turnusplan.  

Sengepost Medisin 1 SNR har for tida fire ledige stillingar for sjukepleiar/spesialsjukepleiar:  

1x 75 % fast stilling (det kan være aktuelt å auke med vikariat på toppen) 

3 x 100 % vikariat tom 31.08.2027 

Det er moglegheiter for å gå langvakter både på kvardagar og helg (kvar 4. helg), eller ordinære vakter (kvar 3. helg) dersom det passar ein best.  

Dersom du er sjukepleiar med interesse for kreft, palliasjon eller blodsjukdommer, verdsett eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvekling og ei givande pasientgruppe, håpar vi på å motta ein søknad frå akkurat deg!  

 

Arbeidsoppgåver

  • Teamarbeid saman med sjukepleiarar, spesialsjukeplerarar, helsefagarbeidarar og mellom anna onkolog, hematolog og palliativt team, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ergoterapeut.  
  • Pasientane i seksjonen vil kunne ha svært ulike behov. Arbeidsoppgåvene vil difor bestå av kartlegging og utføring av tiltak retta mot den enkelte pasient i tråd med gjeldande retningslinjer. 

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjenning som sjukepleiar 
  • Relevant vidareutdanning, erfaring og kompetanse kan vektleggjast 
  • Meistre norsk munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter deg som har interesse og engasjement for kreft, palliasjon eller blodsjukdomar 
  • Bidrar positivt i arbeidsmiljøet 
  • Er påliteleg og lojal til arbeidsplassen og kollegaene dine 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Kristina Aasen, seksjonsleiar, +47 91869218, Kristina.Aasen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5085788750
Stillingsprosent: 100, 75%
Vikariat, Fast
Søknadsfrist: 10.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Kristina Aasen

seksjonsleiar

+47 91869218

Kristina.Aasen@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

 

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

03dac959-94c3-425e-8b84-3f9d4df2316a

Sist endret

2. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1d414a18920a4f6193705007386d26a1

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset

Arbeidsgiver

Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset