Helgestillingar på Øystre Slidre helsetun
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
- Stillingstittel
- Helgestillingar på Øystre Slidre helsetun
- Type ansettelse
- Fast, deltid 20%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 10
Søk på jobben
Søk senest onsdag 30. september
Vil du vere ein del av laget vårt?
Vi held til i nye og moderne lokale, der institusjon, omsorgsbustader og heimeteneste held til i same bygg. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.
No har vi ledig fleire helgestillingar, både på kortids- og langtidsavdeling, på avdeling for personar med demens, i heimetenesta og i omsorgsbustader. Stillingane varierer mellom 14% og 21%
Vi ser fram til å høyre frå deg! Skriv gjerne kva for avdeling du ønskjer å jobbe på og kor stor stilling du kan tenkje deg.
Tilsetjing vil skje fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
- Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsmestring
- Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
- Samarbeid og tverrfagleg med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med fagbrev som helsefagarbeidar, eller anna relevant utdanning.
- Du er velkommen til å søke om du ikkje har fagbrev, men har interesse for faget og ønskjer ein meiningsfull jobb
- Studentar er velkomne til å søke
- Gode norskkunnskapar
- Sertifikat i klasse B er nødvendig i heimetenesta
- Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstenesteloven §5-4
Personlege eigenskapar
• Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner• Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
• Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar
• Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring og velferdsteknologi
• Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
• Turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4.helg
• Nødvendig opplæring og rettleiing
• Kompetanseheving
• Opplæring i fagsystem
• Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
• Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP
Kontaktinformasjon
Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, +47 95940309Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5168943193
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Ingrid Nordli
Tenesteleiar institusjonstenester
+47 95940309
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
020c96a2-76e7-414c-841b-203b88f5cea1
- Sist endret
25. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bf8054c17eee42a5b06eca47d43de257