Hopp til innhold

ID 1065 Sakshandsamar – 100 % fast stilling - Tenestekontoret

Arbeidsgiver

Fitjar Kommune - administrasjon

Sted

Fitjar

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Saksbehandler for helse- og omsorgstjenester
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift, dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest lørdag 13. juni

Vil du vere med og forme ei berekraftig helse- og omsorgsteneste i Fitjar kommune?

Fitjar kommune er i utvikling. Auka behov, forventningar frå innbyggjarane og moglegheitene i velferdsteknologi krev at vi jobbar smartare, meir heilskapleg og meir førebyggjande. Me søkjer no ein erfaren og fagleg sterk sakshandsamar som vil vere med å sikre gode prioriteringar og berekraftige tenester innan helse og omsorg.

Tenestekontoret har ansvar for å sikre innbyggjarane forsvarleg og naudsynte helse- og omsorgstenester, og skal jobbe etter prinsippa likebehandling, fagleg kvalitet og god brukardialog.

Dette er ei nøkkelstilling for deg som ønskjer å arbeide meir heilskapleg, med større rom for faglege vurderingar og påverknad. Som sakshandsamar jobbar du i tett samhandling med øvrige helse- og omsorgstenester i kommunen og spesialisthelsetenesta.

Stillinga er organisert i stab helse og omsorg og rapporterer direkte til kommunalsjef.

Ansvar og nøkkeloppgåver

Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av heilskaplege tenesteforlaup:

  • Kartleggje og vurdere innbyggjarane sine behov og ressursar, med vekt på meistring og sjølvstende.

  • Sakshandsame helse- og omsorgstenester i tråd med lovverk og prioriteringar.

  • Berekning av eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester i og utanfor institusjon.

  • Bidra aktivt i drift, utvikling og implementering av velferdsteknologi.

  • Tildele bustadar og ha oversikt over kommunen sine utleigebustadar.

  • Sakshandsame startlån.

  • Styrkje brukarmedverknad og samhandling med pårørande.

Kven ser vi etter?

Me søkjer deg som forstår samanhengen mellom fag, ressursbruk og prioriteringar.

Du:

  • Relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning med bachelor grad.

  • Har erfaring med sakshandsaming og innsikt i aktuelt lovverk

  • Evnar å gjere sjølvstendige vurderingar i komplekse saker.

  • Målretta, strukturert og ryddig, initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar.

  • Evne til fleksibilitet, kreativitet, sjølvstendig arbeid.

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, høg relasjonskompetanse, og gode datakunnskapar.

  • Førarkort i klasse B.

Det vert lagt vekt på personleg eignaheit.

Kva tilbyr me?
  • Ei nøkkelrolle i utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester.

  • Eit fagmiljø som er oppteke av kvalitet, utvikling og samarbeid.

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og påverknad.

  • Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Har du spørsmål kring stillinga ta kontakt med kommunalsjef Anne Økland på telefon nr 90 98 69 71.

Kontaktperson for stillingen

Anne Økland

Kommunalsjef helse- og omsorg

90 98 69 71

anok@fitjar.kommune.no

Om bedriften

Jobb i Fitjar kommune, nær folk, natur og fagleg utvikling

Vil du ha ein jobb der du verkeleg betyr noko? I Fitjar kommune får du høve til å gjere ein forskjell, kvar dag. Her jobbar du tett på innbyggjarane, i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø der samarbeid, tillit og utvikling står i sentrum.

Fitjar kommune er passe stor til at du blir sett og liten nok til at du får påverke.

👉 Bli med på laget. saman skaper vi ein god stad å bu, leve og jobbe!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

01bf8b2a-dad6-4121-8dad-fc8ac8b1f95d

Sist endret

22. mai 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

01bf8b2a-dad6-4121-8dad-fc8ac8b1f95d

Lignende annonser

Laster lignende annonser