Hopp til innhold

Barnehagelærar/pedagogisk leiar

Arbeidsgiver

Herøy kommune, Seksjon barnehage

Sted

Rådhusgata 7, 6090 Fosnavåg

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærar/pedagogisk leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 14. juli

Vi søker ein dyktig og engasjert barnehagelærarar/pedagogisk leiar til Herøy kommune. Her får du moglegheita til å vere ein viktig del av barna si utvikling der leik, læring og omsorg går hand i hand.

Vi legg vekt på arbeid med trygt og inkluderande barnehagemiljø, i tillegg til alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).
Vi driv eit aktivt utviklingsarbeid. Med basis i nasjonal og lokal rammeplan legg vi særskilt vekt på språkutviklinga til barna, og ser dette i ein heilskapleg samanheng med lesing i grunnskulen.

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som barnehagelærar/pedagogiske leiar i for tida Moltu barnehage. Vi ser fram til å motta søknaden din!


Arbeidsoppgåver

  • leie og/eller ta del i arbeidet med å skape gode lærings- og arbeidsmiljø
  • legge til rette for eit godt samarbeid med foreldra og andre involverte partar i barnehagen
  • legge til rette for eit utviklande og inkluderande leikemiljø
  • leie og/eller ta del i pedagogisk utviklingsarbeid
  • skape gode kvardagar for små og store på di avdeling og heile barnehagen
  • tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • godkjend utdanning som barnehagelærar eller førskulelærar
  • dersom vi ikkje får kvalifisert søkar med kompetansekrav barnehagelærar, kan barne- og ungdomsarbeidar verte vurdert for stillinga
  • gjerne rettleiingskompetanse
  • ein trygg og tydeleg leiar som inspirerer både barn og kollega
  • evne til å skape eit inkluderande og trygt miljø for alle
  • kunnskap om den autoritative vaksenrolla
  • kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg
  • god digital kompetanse
  • For arbeid i barnehage er det krav om bestått norskprøve i tråd med føringar i Lov om barnehagar § 27.

Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. 
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Personlege eigenskapar

  • er engasjert, målretta, fleksibel og lærevillig
  • tek initiativ til samspel og aktivitet overfor både barn og kollega
  • ser verdien av tverrfagleg samhandling
  • god på samhandling og kommunikasjon, i tillegg til at du meistrar å arbeide åleine
  • ser løysingar på utfordringar
  • oppteken av å skape ein god kvardag for barna
  • Vi legg vekt på personlege eigenskapar og referansar. Den formelle formelle kompetansen og ansienniteten din vert også vektlagt.

Vi tilbyr

  • fagleg utvikling i eigen barnehage og felles i kommunen
  • eit støttande og positivt arbeidsmiljø
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • god oppfølging av nytilsette
  • god pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
  • IA-bedrift

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Herøy kommune er i kommunegruppe 5. Dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen. 

Kontaktinformasjon

Elisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, +47 97942299

Arbeidsstad

Rådhusgata 7
6090 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5147487090
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Elisabeth Warpe

Avdelingsleiar barnehage

+47 97942299

Om bedriften

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy.  Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn.  Til Ålesund  kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre".  Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle.  Naturen og kysten vår er vakker.  Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0176014e-6780-48de-969e-f689f29da56c

Sist endret

24. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8a62101f1e2c43728bb663fab5d869b8

Lignende annonser

Laster lignende annonser