Fagbioingeniør
LMBB seksjon Lærdal, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagbioingeniør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 20. januar
Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) ved Lærdal sjukehus har ledig 100% fast stilling som fagbioingeniør med fagområde hematologi, koagulasjon og urinar. Stillinga ledig frå 01.04.2026, med moglegheit for oppstart etter nærare avtale.
Fagbioingniør har ansvar for drift, vedlikehald, kvalitetssystem og prosedyrer for analyseinstrumenta Sysmex, StarMax, og andre mindre instrument i fagfeltet. Fagbioingeniør rapporterar fagleg til overbioingeniør. Seksjonsleiar er næraste administrative overordna. Stillinga deltek i vaktturnus. Det blir gjeve grundig opplæring i alle fagfelt som inngår i vaktberedskap før ein går inn i turnus. Turnusen vår gir gode moglegheiter for lange frihelgar om det er ønskjeleg og det er arbeid omlag kvar 4.helg.
Laboratoriet har tett fagleg samarbeid med dei andre laboratoria i Helse Førde (Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus). Vi legg stor vekt på fagleg oppdatering og deltek mellom anna på alle fagleg retta brukarkurs. Vi har fagmøter på tvers i helseforetaket. Vi har eit godt arbeidsmiljø med variert arbeid. Her får ein meiningsfulle dagar tett på pasientar og andre yrkesgrupper på sjukehuset.
Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for Indre Sogn. Lærdal ligg inst ved vakre Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Kommunen har eit aktivt kulturliv med mellom anna kor og korps, festivalar, idrettslag, treningsstudio, kafear og kino.
Kom til vakre Lærdal og Lærdal sjukehus!Arbeidsoppgåver
- Laboratoriearbeid etter godkjende prosedyrer
- Vedlikehald og oppfølging av analyseutstyr
- Opplæring
- Deltaking i prosedyreskriving
- Halde seg oppdatert i faget
Kvalifikasjonar
- Bachelor i bioingeniørfag. Norsk godkjenning
- Gode IT-kunnskapar
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Det er fordel med erfaring innanfor dei nemde fagfelta
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
- Fagleg engasjement
- Initiativrik
Vi tilbyr
- Løn etter overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Variert arbeid og godt fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Husvære
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kari Grøttebø, Seksjonsleiar, (+47) 576 40 020Arbeidssted
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5052036822
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Kari Grøttebø
Seksjonsleiar
(+47) 576 40 020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
00d631c7-48f5-4d29-8e13-2eec6f029ed8
- Sist endret
10. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cc9a93b3cffd42a8b871f42d12e3f013
Lignende annonser
Ferievikar Bioingeniør / Bioingeniørstudent
Arbeidsgiver
LMBB seksjon Lærdal, Helse Førde
Sted
Lærdal
Arbeidsgiver
Årdal kommune Helse
Sted
Årdalstangen
Arbeidsgiver
Teknisk drift Lærdal/ISP, Helse Førde
Sted
Lærdal