Ledige undervisningsstillingar i grunnskulane
Oppvekst, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Om jobben
- Stillingstittel
- Ledige undervisningsstillingar i grunnskulane
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. mars
Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule. I tillegg har vi eit opplæringssenter med norskopplæring for vaksne innvandrarar og flyktningar og førebuande opplæring for vaksne. Skulane i Gloppen jobbar tett saman med fokus på fagleg og sosial utvikling. Kommunen satsar på Betre Tverrfagleg innsats (BTI) og Inkluderande barnehage- og skulemiljø. Vi har prosjekt med Høgskulen i Vestland (Dekomp) og Læringssenteret i Stavanger om blant anna desse tema.
Administrasjonsmålet er nynorsk.
Vi lyser ut eventuelt ledige stillingar for komande skuleår. Det kan vere både faste stillingar og vikariat. Søkjarar vert oppmoda om å prioritere arbeidsstad i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Aktuelle arbeidsstadar:- Breim skule: Fulldelt 1-7 skule med kring 95 elevar og 25 tilsette. Skulen er PALS-skule.
- Sandane skule: Fulldelt 1-7 skule med to parallellar og om lag 285 elevar. 42 tilsette.
- Hyen skule: 1-10 skule med kring 35 elevar og 9 tilsette. Fådelt skule.
- Gloppen ungdomsskule: Ungdomsskule med tre parallellar og rundt 200 elevar og 44 tilsette.
- Nordstranda skule: 1-7 skule med om lag 100 elevar og 25 tilsette. Skulen er PALS-skule.
Vikarar: Alle skulane ynskjer kontakt med tilkallingsvikarar som kan stille på snarast. Ta kontakt med rektorane i tillegg til å sende inn søknad på stilling.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer lærarar som har:- godkjend pedagogisk utdanning for arbeid som grunnskulelærar 1-7 eller 5-10 eller faglærarar. Det er viktig med basisfag og krav om formell kompetanse
- fleire basisfag (norsk, engelsk, matematikk), spesialpedagogikk og norsk som andrespråk.
- kompetanse på byrjaropplæring.
- digital kompetanse
- kompetanse i praktisk-estetiske fag
- god kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål.
- undervisningserfaring, god kompetanse på klasseleiing og røynsle som kontaktlærar.
- gode personlege eigenskapar som samarbeidsevne, relasjonskompetanse, systematikk, inkluderande klasseleiing og bidrag til eit godt arbeidsmiljø.
Menn blir særleg oppmoda til å søkje.
Vi tilbyr
- Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis
- Variert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kontaktinformasjon
Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, 913 31 262Elisabeth Sunde Andenes, Rektor Nordstranda skule, 958 69 279
Ragnhild Laila Bruvoll, Rektor Gloppen ungdomsskule, 418 03 716
Gro Larsen Hjelle, Rektor Breim skule, 906 19 713
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5072144685
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Per Arne Strand
Kommunalsjef Oppvekst
+47 957 78 875
Gro Larsen Hjelle
Rektor Breim skule
906 19 713
Ragnhild Laila Bruvoll
Rektor Gloppen ungdomsskule
418 03 716
Elisabeth Sunde Andenes
Rektor Nordstranda skule
958 69 279
Linn Kristin Øren
Rektor Sandane skule
913 31 262
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
006aad60-cb03-4979-9415-2402aa4a2d44
- Sist endret
16. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
82c30047986e4099955e6fcf57983540
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Oppvekst, Gloppen kommune
Sted
Sandane
Arbeidsgiver
OPPVEKST OG OPPLÆRING, Stad kommune
Sted
Nordfjordeid, Nordfjordeid, Stårheim
Barnehagelærer
Arbeidsgiver
Austrheim Barnehage
Sted
Sandane