Hopp til innhold

Ledige sjukepleie- og helsefagarbeidarstillingar i tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Vågåheimen

Arbeidsgiver

Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren

Sted

Vågå

Om jobben

Stillingstittel
Sykepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Ved institusjon Vågåheimen i Vågå kommune møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, har høgt fagleg fokus og eit nære samarbeid med heimetenesta, legetenesta, friviljuge, tenestemottakarar og pårørande. Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaer som gler seg på å få deg med på laget.

Vi har no fleire ledige stillingar for deg som er både sjukepleiar, helsefagarbeidar, eller som har byrja på desse utdanningane.

I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. bygging og oppgradering av bygget Vågåheimen til ein topp moderne institusjon! Vi har stort fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Vi har ledige stillingar, både faste og vikariat:
2x 50% faste Sjukepleiarstillingar

80% fast Helsefagarbeiderstilling

66% sjukepleiarstilling natt vikariat frå d.d ut november 2026

Helgestillingar frå ca 20-30% stillingar kvar 3 eller 4 helg, vanlege vakter eller langvakter, engasjement stillingar

Tilkallingsvikarar Vågåheimen, yrkesgrupper alle

Vi ber om at der skriv i søknaden kva for stilling du søkjer på.

Helgefrekvens er per dags dato kvar 3. helg for stillingar i turnus, men med moglegheit for å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til 3-delt turnus for fleire av stillingane, og langvakt på vekedagar. Om du har andre ynskje for stillingsprosent enn det som er oppgjeve over, ynskjer vi likevel å høyre frå deg.

Tenesteområdet Helse- og omsorg (heimesjukepleie og institusjon Vågåheimen) har felles nattevaktsteam, der 3 tilsette er stasjonert ved Vågåheimen og 1 er stasjonert i heimesjukepleia. Ansvarsvakt sjukepleiar på natt har ekstra godtgjersle.

Arbeidsoppgåver:
  • Ordinære oppgåver ut frå profesjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
  • Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp
  • Samarbeid med heimetenesta, brukarar, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartar
  • Ansvarsvakt for sjukepleiarar
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar/ fagbrev helsefagarbeidar eller har starta på utdanningane
  • Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje naudsynt
  • Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
  • God fagleg innsikt og tryggheitEigenskapane dine:
  • Fagleg engasjert
  • Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Kreativ og endringsorientert/-viljug
  • Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner
  • Initiativrik og søkjer å finne gode løysingar til det beste for fellesskapet
  • Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel, lojal og er ein lagspelar
Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt

Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.

Vi tilbyr:
  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling, der du som tilsett vert viktig for utvikling av tenesta
  • Eit godt fagmiljø, med dyktige og rutinerte kollegaer
  • Internundervisning, kompetanseheving, refleksjonsmøte og fagleg utvikling
  • Konkurransedyktig lønn
  • Kommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad for deg som ikkje kan dagpendle.

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

Venlegast informer i søknaden om du kva for type stillingar du søkjer på (samt ynskje om stillingsprosent).Stillingsstorleikar kan endre seg ved interne rokkeringar.Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er.

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontaktperson for stillingen

Berit Nilstad

Avdelingsleiar

45343807

berit.nilstad@vaga.kommune.no

Om bedriften

Vågå kommune ligg i Nord-gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg hansdelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggarar, eit godt barnehage- og skuletibod, og eit allsidig og rikt kulturliv.

Vi meiner at det er viktig med ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i fritluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode jakt- og fiskemoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kultuhus, kino og galleri.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

005bc53e-d984-4e28-ad28-d4a3750635e8

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

005bc53e-d984-4e28-ad28-d4a3750635e8

Lignende annonser

Ledige sjukepleie- og helsefagarbeidarstillingar i tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Vågåheimen - arbeidsplassen.no