Hopp til innhold

Ein sommar med meining – bli med på laget i Helse og Omsorg!

Arbeidsgiver

Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren

Sted

Vågå

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 30. juni

Vil du bruke sommaren til å gjere ein forskjell? Vi treng engasjerte ferievikarar og ungdom til sommararbeid i perioden 23. juni -- 17. august 2026. Vi tilbyr bonus ved fullført ferievikariat!

Kvifor velje oss?

· Du får ein jobb der du faktisk gjer dagen betre for andre.

· God opplæring og støtte frå dyktige kollegaer.

· Varierte oppgåver og eit inkluderande arbeidsmiljø.

· Bonusordning etter fullført vikariat.

· Bur du ikkje i området? Sei frå så sett vi deg i kontakt med moglege overnattingsmoglegheiter.

· Ordna arbeidstid og gode vilkår etter gjeldande tariffavtale.

Her kan du bidra i Helse og omsorg:

· Vågåheimen

Institusjon: Her gjev du heildøgnspleie, omsorg og tryggleik til bebuarar med ulike behov -- der du blir ein viktig del av kvardagen.

Institusjonskjøken: Her er du med på å lage god og næringsrik mat til bebuarar og brukarar av tenesta. Vi har både kantinedrift og produksjonskjøkken.

Avdelingsvert/ ung arbeidstakar: Er du mellom 16- 18 år og ynskjer ein meiningsfull sommarjobb? Her vert du ein del av kvardagen ved institusjonen, og vil bidrege med enkle- men viktige oppgåver for institusjonsdrifta. Du vil m.a. hjelpe til under måltid, gjere trivselstiltak, rydde/ servere m.m. Arbeidet kan kombinerast med oppgåver innan pleie og omsorg for bebuarane.

· Heimetenesta

Heimesjukepleie: Ynskjer du å arbeide sjølvstendig ute hjå brukarar og hjelpe dei med å bu trygt heime. Her vil du få ein variert og ansvarsfull kvardag.

Heimehjelp/ praktisk bistand: Du hjelp personar med praktiske gjeremål i heimen. Dette er dagarbeid i vekedagane som og kan kombinerast med turnus i heimesjukepleia.

Dagtilbod for heimebuande med demens/ dagtilbod for heimebuande eldre: Her er du med og skapar sosiale møteplassar, aktivitetar og trivsel for brukarar. Dette er dagarbeid på vekedagar som og kan kombinerast med turnus i heimesjukepleia.

· Hjelpemiddelkontakt/sjåfør: Her får du ein givande jobb med å hente/ bringe brukarar av dagtilboda i tenesta, montering og distribusjon av hjelpemiddel/ velferdsteknologi m.m.

Vi ser etter deg som:

· Har eit hjarte for menneske og eit auge for gode løysingar.

· Er fleksibel, positiv og klar for å ta ansvar.

· Kan bidra til meistring og trivsel

· Har fylt 18 år (eller 16 år for unge arbeidstakarar).

· Kommuniserer godt på norsk (min. B1).

· Har plettfri vandel og kan levere politiattest.

· Førarkort klasse B for enkelte stillingar.

· Erfaring er fint, men ikkje nødvendig

· Helse-/sosialfagleg utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav.

Ønskjer om eventuelle fridagar I perioda opplysar du om I søknaden, og seinast innan 1.april. Send oss ein søknad -- og bli med på laget!

Spørsmål til stillingane kan rettast til:

Vågåheimen, konstituert avdelingsleiar Berit Nilstad, Berit.Nilstad@vaga.kommune.no, mobil: 45343807

Heimetenesta, avdelingsleiar Pia Søberg, Pia.Soberg@vaga.kommune.no, mobil: 46196741

Kontaktperson for stillingen

Beri Nilstad

Avdelingsleiar

45343807

Berit.Nilstad@vaga.kommune.no

Om bedriften

Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6cd737b5-c9c6-4ea8-bc0c-50625d18ba66

Sist endret

23. januar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

6cd737b5-c9c6-4ea8-bc0c-50625d18ba66

Lignende annonser