Hopp til innhold

Korleis skriv du ei skikkeleg god stillingsannonse?

Kva ser jobbsøkjarar etter når dei les ei stillingsannonse? Kva bør du tenkje på når du skriv annonsen, slik at du kjem i kontakt med akkurat dei søkjarane du ønskjer?

Person som skriv på ei skrivemaskin

Nyheit! Enklare og meir lettlesen annonse med "strukturert annonse"

Når du lagar ei annonse på arbeidsplassen.no, kan du no velje mellom strukturert annonse og ikkje strukturert annonse. Med strukturert annonse får du ferdigdefinerte avsnitt, basert på kva jobbsøkjarar meiner er viktigast å vite.

Du får også tips om korleis du kan nå ut til jobbsøkjarane på ein fengande og målretta måte. Ønskjer du å opprette annonsen slik du har gjort før, vel du formatet "ikkje strukturert annonse". Informasjonen du legg inn blir lagra undervegs, og du kan enkelt bytte mellom dei to formata.

Fang interessa og gjer annonsen lett å lese

Mange les stillingsannonsar på mobilen, kanskje medan dei sit på bussen og scroller gjennom dagens nye jobbar. Tenk på det når du lagar annonsen.

  • Førsteinntrykket er viktig.
  • Jobb med overskrifta, ho skal vekkje interesse. Du kan bruke kunstig intelligens (KI) til å få forslag: https://arbeidsplassen.nav.no/enklere-a-skrive-gode-kvalifikasjoner
  • Kom raskt til poenget.
  • Unngå standardfrasar og klisjear, dei kan verke gammaldagse.
  • Bruk aktive setningar. Om teksten fungerer munnleg, er det eit godt teikn.
  • Unngå lange avsnitt.
  • Set punktum, korte setningar er bra.
  • Bruk gjerne punktlister der det passar.

Vis at de er ein attraktiv arbeidsplass

Dei beste kandidatane vel dykk fordi dei blir motiverte og kjenner seg igjen i verdiane og kulturen dykkar.

  • Tenk over kva de står for og vis korleis de skil dykk ut.
  • Har de gode utviklingsmoglegheiter? Fortel om det.
  • Det er ikkje nødvendig å skrive mykje om verksemda, legg heller ved lenkje til nettsida.

Tenk over kva ord du bruker

Orda du bruker kan påverke kven som søkjer:

  • Maskuline ord som "solid utdanning", "strategisk" og "handlekraftig"
  • Feminine ord som "relasjonsorientert", "dialogorientert" og "gode kommunikasjonsevner"

Ha eit bevisst forhold til språket, det kan avgjere om du når den beste kandidaten.

Tilpass krava dine

  • Kan du ønskje deg søkjarar med høg kompetanse og lang erfaring?
  • Eller bør du formulere deg slik at fleire forstår at dei kan vere aktuelle?

Tenk over om du vil leggje vekt på krav eller moglegheiter. Du styrer responsen gjennom språket og kva du framhevar.

Krev jobben mykje reising eller spesielle arbeidstider? Hugs å opplyse om det.

Videre lesning

Korleis skriv du ei skikkeleg god stillingsannonse? - arbeidsplassen.no