Nye funksjonar i Superrask søknad – Det er no endå enklare å følgje opp og sortere søknadene du har fått
Superrask søknad er ei teneste på arbeidsplassen.no som vil gjere rekrutteringa enklare for bedrifter og for dei som er på jakt etter ny jobb.
Produktleiar for arbeidsplassen.no, Marianne Garmann Ullsand, er veldig fornøgde med at superrask søknad er så godt motteken. – Vi ser at mange bedrifter og jobbsøkjarar har teke i bruk superrask søknad på arbeidsplassen.no. Bedrifter set pris på at ho er enkel å opprette og at ho bidreg til at dei får større og raskare respons på dei ledige stillingane sine. Jobbsøkjarane liker at dei enklare og raskare kan vise at dei er interesserte i jobben utan CV og skrive lang søknad.
Ny og forbetra versjon
Arbeidsgivere har sakna å kunne setje fleire statusar på kandidaten under rekrutteringsprosessen. Dette, og dessutan fleire andre forbetringar og forenklingar, er no tilgjengeleg i den oppdaterte versjonen av superrask søknad seier ho.
Dette er superrask søknad
Vel superrask søknad i annonsen
Vel superrask søknad når de registrerer eller endrar ein stillingsannonse på arbeidsplassen.no. Spesifiser kva kvalifikasjonar de har behov for, få med må-krav om de har det.
Jobbsøkjarane svarer på kva kvalifikasjonar dei meiner dei oppfyller, og grunngir kort kvifor dei er rett person for jobben.
Få og vurder søknadene
De finn søknadene under Stillingsannonser og Vis søknader på den aktuelle stillinga. Namna på søkjarane blir ikkje i utgangspunktet viste, då det er frivilling å leggje inn namn. De kan velje å vise namn.
De ser raskt om ein søkjar er aktuell, og vel om de vil ta kontakt eller ikkje.
Om de synest at søkjaren er aktuell, kan de velje å få tilgang til kontaktinformasjonen. Jobbsøkjaren får e-post om at de er interesserte og sannsynlegvis kjem til å ta kontakt.
De kan endre status på kandidaten undervegs i prosessen.
Ønskjer de ikkje å gå vidare med kandidaten, kan de enkelt gi beskjed om dette. Søknaden vil då slettast frå lista og jobbsøkjaren får automatisk eit vennleg avslag på e-posten sin med arbeidsplassen.no som sender.
Ta kontakt med jobbsøkjarar
Korleis ønskjer de å gå vidare med aktuelle jobbsøkjarar? Kanskje ønskjer de eit telefonintervju eller ein kaffiprat? De får ikkje tilsendt CV gjennom superrask søknad, så det avtaler dykk eventuelt i etterkant.
Fekk du tilsett?
Då markerer du stillinga som besett og annonsen blir avpublisert på arbeidsplassen.no. Vi sender melding til alle kandidatar som ikkje har status «tilsett».
Opplysningane som jobbsøkjaren har gitt, blir automatisk sletta 3 månader etter at fristen i stillingsannonsen har gått ut.
Lykke til med å finne deira neste medarbeidar med superrask søknad!