Gi ungdom ein sjanse – lys ut sommarjobbar
Mange unge treng å få arbeidserfaring. Kan du vere med på å gi dei ein sjanse ved å lyse ut éin eller fleire sommarjobbar i år?

Her har du nokre gode argument for kvifor de bør ta inn sommarvikarar:
Sommarvikarane hjelper til med å halde hjula i gang gjennom ferieavviklinga.
Sommarvikarane kan ta tak i nokre av dei prosjekta som har vorte liggjande på vent eller som har vorte utsett.
Sommarvikariat er ei god rekrutteringsmoglegheit for vidare fast tilsetjing.
Alle verksemder med behov for ferievikarar og ekstrahjelp er velkomne til å lyse ut stillingane sine på arbeidsplassen.no, Nav sin stillingsdatabase. Då får flest mogleg vite om jobbmoglegheitene. Tenestene på arbeidsplassen.no er kostnadsfrie.
Les meir om korleis du kan lage ein treffsikker stillingsannonse.
Korleis skal jobbsøkjarane finne nettopp sommarjobbannonsen din?
Her følgjer fire tips:
Huk av for "feriejobb" i filter for tilsetjingsform.
Ver tydeleg i annonseteksten at du lyser ut sommarjobb. Skriv det gjerne i annonseoverskrifta.
Vekk interesse! Bruk eit språk som dei unge forstår.
Vel superrask søknad som kontaktform. Det er ein enkel måte for unge å komme i kontakt med deg, utan CV og eit langt søknadsbrev. CV kan du be om seinare i ein samtale.
Lykke til med utlysinga!

