Arbeidsgiveren i ei verksemd gir tilgangar til sine tilsette i Altinn. Har fleire tilsette fått tilgang til å publisere stillingar på arbeidsplassen.no, kan dei sjå og utføre det same, også endre det som ein annan har lagt inn.
Bruk av opplysningar i CV-er
Du kan berre bruke opplysningar i CV-er viss målet er å bemanne, rekruttere eller oppmode personar til å søkje på stillingar.
Det er ikkje tillate å bruke CV-er til andre formål, slik som å
bruke opplysningar i samband med sal eller marknadsføring av varer eller tenester
tilby arbeidssøkjarar stillingar der arbeidssøkjaren må betale for å søkje
tilby personar arbeidstreningsplassar
Nav vil følgje opp brot på desse vilkåra dersom det førekjem.
Publisere stillingar
Om du ønskjer å annonsere ledige stillingar på arbeidsplassen.no og Den Europeiske Jobbmobilitetsportalen, må du som arbeidsgivar godta vilkåra under.
Stillingsannonsen blir synleg på arbeidsplassen.no få minutt etter at du har sendt den til publisering. Nav kontrollerer i etterkant og tek kontakt viss annonsen bryt med vilkåra og blir fjerna, slik at du kan rette opp og sende inn for godkjenning på nytt. Tenesta er kostnadsfri.
Du kan berre annonsere ei ledig stilling på arbeidsplassen.no når du vil tilby ein kandidat tilsetjing.
Når du tilset ein person betyr det at du skal melde arbeidstakaren inn i Arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret.
Du har ikkje høve til å publisere annonsar til oppdrag for sjølvstendig næringsdrivande eller ulike forretningskonsept som til dømes franchise, forhandlar, agentur, nettverkssal og «homeparty».
Du kan ikkje bruke stillingsannonsen til sal eller marknadsføring av varer, tenester eller liknande.
Om du vil tilby tilsetjing, kan du ikkje krevje noka form for avgift eller anna godtgjersle frå arbeidssøkjaren.
Stillingsannonsen din skal gi arbeidssøkjaren tilstrekkeleg informasjon om verksemda, arbeidsoppgåver, godtgjersle og tilsetjingsforhold.
Stillingsannonsen skal ikkje forskjellsbehandle ut frå kjønn, alder, etnisk bakgrunn eller andre kriterium som ikkje er relevante. Annonsen skal heller ikkje ha uetisk innhald eller kunne støyte nokon. Den skal ikkje oppmode til ulovlege handlingar eller vere i strid med norsk lov eller Navs retningslinjer for stillingsannonsar.
Viss Nav oppdagar ein annonse som ikkje fyller vilkåra når vi kontrollerer innhaldet, eller etter at annonsen er publisert, kan han bli sletta eller fjerna utan varsling. Nav vil ta kontakt og informere i etterkant.
Nav er pålagde å drive ei statleg arbeidsformidling og formidle arbeidskraft. For å kunne tilby desse tenestene til arbeidsgivarar, må vi lagre nødvendige personopplysningar. Vi lagrar desse opplysningane:
Stillingar som verksemda har publisert på arbeidsplassen.no, under dette personopplysningar du har oppgitt. Annonsane blir arkiverte og anonymiserte opplysningar blir brukte til statistiske formål.
Kandidatlister som verksemda har oppretta, og anonymiserte opplysningar frå desse. Denne informasjonen bruker Nav til å forbetre tenesta.