Nettverksingeniør kjernenett
Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT
Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Naustdalsvegen 5, 6800 Førde, Professor Olav Hanssens vei 7A, 4021 Stavanger, Øvregata 126, 5527 Haugesund, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Nettverksingeniør Kjernenett
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 23. mai
Helse Vest IKT leverer IT-tenester til alle sjukehusa i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit.
Seksjon for datakommunikasjon har no ei ledig stilling innanfor området kjernenett. Som del av teamet vil du jobbe med automatisering, dagleg drift av kjernenett, DNS og DHCP, samt feilsøking saman med dyktige kollegaer.
Vi kan tilby spennande oppgåver i teknisk drift i eit av dei største datanetta på Vestlandet. Helse Vest IKT leverer nett for over 30 000 sluttbrukarar, og har ein variert utstyrsdatabase. Team Kjernenett arbeider med teknologiar basert på løysingar frå blant anna Cisco og EfficientIP.
Arbeidsstad er i Bergen, Stavanger, Haugesund eller Førde.
Arbeidsoppgåver
- Drifte og vidareutvikle kjernenettverket i Helse Vest
- Drifte og vidareutvikle DNS- og DHCP-løysingane i Helse Vest
- Vedlikehald av RIPE LIR- og NORID-register
- Automatisere løysingar knytt til nettverket og støttesystema våre.
- Bidra til utvikling av self-service-løysingar og integrasjonar mot andre system
- Kontinuerleg utvikling av løysingane til Helse Vest, og tett samarbeid med andre fagområde
- Feilsøking og 3. linjesupport innanfor nettverksdrift, samt optimalisering av eksisterande infrastruktur
- Kunnskapsdeling
- Endringshandtering, oppgradering og vedlikehald (ITIL)
- Andre påkommande oppgåver innan fagområdet
Kvalifikasjonar
- IT-utdanning på universitets-, høgskule- eller fagskulenivå
- Erfaring med drift av nettverk og IT-infrastruktur
- God kunnskap om DNS og DHCP
- Kunnskap om scripting/utvikling og automasjonsløysingar er ein føremon (til dømes Ansible, Terraform, Python eller tilsvarande)
- Kunnskap om BGP, MPLS og OSPF
- Relevante sertifiseringar tel positivt
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du tek initiativ, og planlegg og prioriterer dine arbeidsoppgåver
- Du er ikkje redd for å utveksle eigne idear og er villig til å sjå på alternative måtar å produsere tenestene våre på
- Du tek ansvar for dine fagsystem og hjelper ved høve til når det oppstår naudsituasjonar utanfor normal arbeidstid
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og er flink til å dele kompetanse
- Du er sjølvgåande, og har eit ønske om å vere oppdatert og vidareutvikle infrastrukturen
- Du har fokus på gode løysingar
- Du evnar å jobbe i tverrfaglege team
- Du er strukturert, systematisk og har fokus på kvalitet
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Andreas Espelid, Seksjonsleiar, +47 41476552Arbeidsstad
Bjørnsons gate 295052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 4965373963
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Andreas Espelid
Seksjonsleiar
+47 41476552
Om bedriften
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2936974
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2f85a06136824b55a265f2e8dfa557ae