Studiekonsulent (seniorkonsulent)
Universitetet i Bergen
Allegaten 55, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Studiekonsulent (seniorkonsulent)
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 4. februar
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStudiekonsulent (seniorkonsulent)
Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen søkjer ein engasjert studiekonsulent (seniorkonsulent) til ei fast stilling. Hos oss får du ein sentral rolle i å sikre gode studieløp for studentane våre – og bidra til at morgondagens forskarar og teknologar lykkast.
Om instituttet
Institutt for fysikk og teknologi (IFT) er ein plass der nysgjerrigheit møter nytenking. Her forskar og underviser vi på alt frå klassisk fysikk til framtidsretta teknologi innan energi, hav og berekraft. Vi utdannar kandidatar på alle nivå – frå bachelor til doktorgrad – og bidreg aktivt i tverrfaglege studieprogram som formar morgondagens kompetanse.
Når du blir ein del av IFT, går du inn i eit fagmiljø som kombinerer solide fysikktradisjonar med innovasjon og teknologisk utvikling. Studieadministrasjonen ved IFT har blant anna til oppgåve å legge til rette for eit godt studieløp for studentane våre. Koordinering med samarbeidande institutt og fakultetet er ein sentral del av arbeidet i studieadministrasjonen, og du vil arbeide tett saman med både studentar og tilsette ved instituttet.
Vi tilbyr eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø der du får høve til å påverke og utvikle studieadministrasjonen i takt med framtida.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga inneber eit breitt spekter av studieadministrative oppgåver, til dømes:
- Administrasjon av bachelor- og masterprogram ved instituttet
- Rettleiing, mottak og oppfølging av studentar
- Eksamensarbeid og timeplanlegging
- Samarbeid med undervisarar om studieprogramma
- Saksbehandling av ulike typar studiesakar
- Arbeid med opptak, studentrekruttering, informasjonsarbeid og tilsetting av studentmedarbeidarar
- Deltaking i fagleg-administrative nettverk
- Forbetringsarbeid og rutineutvikling
Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra over tid.
Stillinga passar for deg som er fleksibel, trivst med variasjon og raskt skiftar fokus når situasjonen krev det. Du handterer endringar med ro, jobbar presist også i hektiske periodar og bidreg med initiativ, engasjement og gode idéar i både det faglege og det sosiale miljøet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar- Du må ha utdanning på masternivå. Bachelorgrad kombinert med lang relevant erfaring kan kompensere for manglande mastergrad.
- Kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller anna høgare utdanning/forvaltning er eit krav.
- Det er naudsynt med god digital kompetanse.
- Erfaring frå studieadministrativt arbeid vil bli vektlagt.
- Kjennskap til dei studieadministrative systema på universitetet er ein fordel.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein kollega som
- har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- er serviceinnstilt, fleksibel og positiv
- er målretta og har god gjennomføringsevne
- er sjølvstendig og strukturert, tek initiativ og bidreg til å finne løysingar.
- har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Det vert lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Løn som seniorkonsulent (kode 1363) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 586 100 - 630 000. For spesielt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Elisabeth Holba (Elisabeth.Holba@uib.no, tlf. 55 58 35 72) eller instituttleiar Kjetil Ullaland (Kjetil.Ullaland@uib.no) ved Institutt for fysikk og teknologi.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgivar Vivian Stegen Jacobsen, e-post vivian.jacobsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ffba9ff9-8f68-4bc4-a6ff-f3eb29d3cd9c
- Sist endret
20. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10278163
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen