Hopp til innhold

Undervisningsstilling i realfag

Arbeidsgiver

OPK-BO - Avd. Stud.spes., Vestland fylkeskommune

Sted

Leitedåvane 8, 5430 Bremnes

Om jobben

Stillingstittel
Undervisningsstilling i realfag
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 25. juni

Bømlo vidaregåande skule sine 70 tilsette, saman med sine 420 elevar, arbeider for at trivsel og læring skal gå hand i hand. Lokalitetane er på Leite og i Rubbestadneset. Skulen har utdanningsprogramma: Studiespesialisering, Teknologi- og industrifag inkl. Maritime fag, Elektro- og datateknologi, Naturbruk, Helse- og oppvekstfag og Tilrettelagt opplæring. 

Frå 01.08.2026 har me ledig 100 % undervisningsstilling i realfag, med vekt på fysikk, matematikk og geografi. 


Arbeidsoppgåver

Undervisning og fylgja opp elevar
Delta i profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid ved skulen


Kvalifikasjonar

Du er engasjert og legg til rette for variert undervisning.
Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
Du er er målretta, systematisk og løysningsorientert.
Du har gode kommunikasjonsevner.
Du vil skapa gode relasjonar og læringsmiljø saman med andre.
Du arbeider i tråd med skulen og fylkeskommunen sine mål og strategiar.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Personlege eigenskapar

Formell undervisningskompetanse i fag me søkjer etter
Det er ynskjeleg med:
undervisningserfaring frå vidaregåande skule
erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar
god skriftleg og munnleg framstillingsevne
undervisningskompetanse i fleire av skulen sine fag
sertifikat kl.B

Vi tilbyr

Eit inkluderande fagsamarbeid
Gode høve til eiga læring og utvikling 
Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
 
Alle attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden. Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.


For meir informasjon om stillinga, kontakt avdelingsleiar på studiespesialisering Linda Aga Legøy 479 06 461

Kontaktinformasjon

Linda Aga Legøy, Avdelingsleiar, +47 47906461

Arbeidsstad

Leitedåvane 8
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5144638228
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Linda Aga Legøy

Avdelingsleiar

+47 47906461

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ffba5d54-faff-4872-916d-79e74b648196

Sist endret

11. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f893667167874cc18e7e63e9ebdf7739

Lignende annonser

Laster lignende annonser